Foto: Ola Sæther
Uniforum møter instituttleiar Pål Kraft to dagar etter at Universitetsstyret samrøystes vedtok ein plan for korleis situasjonen ved klinikkdrifta på Psykologisk institutt skulle handterast vidare. Sidan stenginga av klinikken den 10. oktober og fram til vedtaket i Universitetsstyret hadde han munnkorg. Alle kommentarar skulle bli gitt gjennom universitetsdirektør Gunn-Elin Aa. Bjørneboe eller andre i UiO-leiinga. No kan han endeleg uttala seg til Uniforum.
* UiO-rektor Svein Stølen godt nøgd med samrøystes vedtak om klinikkdrifta på Psykologisk institutt
Dette er klinikkane ved Psykologisk institutt:
Barn- og familieklinikken ved Nic Waals institutt på Lovisenberg diakonale sykehus
Klinikk for nevropsykologi (åtte pasientar i året)
Klinikk for dynamisk terapi (rundt 40 pasientari året)
Klinikk for integrativ psykoterapi (rundt 27 pasientar i året). Til saman har vaksenklinikkane 75 pasientar i året. Barne- og familieklinikken var den einaste som ikkje blei stengt. (Kjelder: Psykologisk institutt, UiOs nettsider)
- Etter at universitetsdirektør Gunn-Elin Aa. Bjørneboe tok avgjerda om å stengja klinikken etter å ha fått rapporten om alle avvika der frå meg som instituttleiar og frå SV-dekan Nils von der Fehr, forstår eg godt at dei ville svara pressa sjølve. Då Gunn-Elin Aa. Bjørneboe bestemte seg for å stengja klinikken gjorde ho det utifrå føre-var-prinsippet. Om UiO hadde fått all denne dokumentasjonen av avvik på bordet utan å gjera noko med det, og så hadde det skjedd noko med ein pasient eller ein student, då kunne Universitetet i Osl


































































































