Khrono
28.01.2022
Forskarane som fekk skulda for ein del av konfliktane i historiemiljøet ved NTNU, rapporterer no om betre arbeidsmiljø enn kollegaene som vart igjen.
Etter år med konfliktar toppa det seg sommaren 2018: Professor Kristian Steinnes vart flytta vekk frå Institutt for historiske studier ved NTNU - mot sin vilje. På seinhausten 2019 vart instituttet delt i to: Institutt for historiske og klassiske studier (IHK) og Institutt for moderne samfunnshistorie (IMS). Heller ikkje namnevalet på dei to nye institutta skjedde utan konflikt.
Les merKjernen i det nye Institutt for moderne samfunnshistorie var forskargruppa Fate of Nations. Denne gruppa var mykje omtala i konflikten, og NTNU-leiinga sa på eit tidspunkt at denne gruppa hadde det objektivt sett største ansvaret for konflikten.
Når arbeidsmiljøet ved NTNU no er kartlagt, gjennom ei såkalla ARK-undersøking, er det IMS som skårar best av dei to historiske institutta.
Det er Universitetsavisa som skriv om saka først.
Skilnad i opplevd konfliktnivå
I snitt skårar IHK 0,44 poeng lågare enn naboinsti