- Ingen ønsker at norsk skal bli eit språk vi berre brukar til å bestille øl, seier forskings- og høgare utdanningsminister, Iselin Nybø, til På Høyden.
Som eit bidrag til at ikkje så skjer, inviterer ho no saman med kulturminister Trine Skei Grande til konferanse om norsk fagspråk 13. november. Der står nettopp forholdet mellom bruk av norsk og engelsk i akademia på dagsorden.
- Eg vil ta opp behovet for at institusjonane jobbar meir aktivt og gjennomtenkt med å legge til rette for norsk og engelsk som parallelle språk, seier Nybø.
- Akademia har viktig rolle
Som På Høyden tidlegare har skrive, er no berre 10 prosent av vitskapelege tidsskriftartiklar og bøker frå forskarar i Noreg på norsk. På dei største universiteta er andelen lågare - på NTNU vart berre 5 prosent publisert på norsk i 2017. Særleg innan humanistiske fag går bruken av norsk som publiseringsspråk ned, ifølgje tal gjengitt i bladet Forskningspolitikk.
Dette gjeld både målt i prosentdel og i absolutte tal, ifølgje tal frå NIFU og Forskningsrådet.
- Akademia har