I India er han med i ein allianse som er sett saman av Kongresspartiet, som han tidlegare har vore leiar for, og 16 andre parti.
Møteleiar og India-ekspert Arild Engelsen Ruud frå Det humanistiske fakultetet bad han om å koma inn på kva politikk han ville føra om alliansen han leier, får ta over regjeringsmakta etter statsminister Narendra Modi og partiet hans, det hindunasjonalistiske BJP.
- Eit levande demokrati fram til 2014
Men først viste Rahul Gandhi til den politiske utviklinga i India etter at Modi danna regjering i 2014.
- Fram til då var det eit levande demokrati i India der partia kjempa om makta på demokratisk vis gjennom val. Alle partia hadde også fri tilgang til aviser, radio, TV og andre media. I dag er spelereglane endra. Alle statsinstitusjonane er blitt inntatt av regjeringspartiet BJP. Derfor er me heile tida i gang med å redda demokratiet i India, slo han fast.
Det var grunnen til at han hadde dratt rundt på universitet i USA og i Storbritannia og halde innlegg.
- På Indias universitet får eg ikkje lov til det, fortalde han.
Rahul Gandhi kom også inn på korleis han og partifellene hans starta ein 3500 kilometer lang marsj frå Tamil Nadu sør i India og heilt opp til Kashmir i nord.
- Me hadde ikkje noko anna val. Det var den einaste måten me kunne koma i direkte kontakt med vanlege innbyggjarar i India, forklarte han.
Samtidig vedgjekk han at om nokon i 2012 hadde spurt han om han ville dra på ein slik marsj, ville han ha svart