Grunnen til dette er at teknologi åleine sjelden gjer noko somhelst.
Litt rart var det difor å lesa artikkelen - Skrot PowerPoint, bruk tavla og ta pauser på Forskerforum sin nettsider i helga. Artikkelen var ei oppfølging av Jon Arne Løkke sitt debattinnlegg PowerPoint er en ulykke forundervisningen.
For mykje bruk av PowerPoint (PP) er definitivt kritikkverdig. Men i desse tekstane blir PP framstilt som om det var ein eigen undervisningsmetode, og ikkje berre eit presentasjonsverktøy. Det er både forenklande ogfeilaktig.
Det burde til dømes vore opplyst om at konteksten PP en inngår i, er vel så viktig som presentasjonsverktøyet i seg sjølv. Ei heil økt beståande av ein lærar som snakkar samanhengane til ein presentasjon, er nemleg ei veldig annleis økt enn ei som har presentasjon i lag med til dømes diskusjonar ogoppgåver.
Og Pow


































































































