Dei sju direktørane når ikkje opp til «lønnsadelen» i Forskingsrådet, men med halvannan million i lønnsposen følgjer dei hakk i hæl.
Sjå oversikta over dei høgaste lønningane nedst i saka.
Toppsjefen, Roar Olsen, får 1.650.000 kroner i lønn i året. Det er meir enn Ola Borten Moa får for å vere statsråd for forsking og høgare utdanning. Ifølgje Stortinget ligg løna for ein regjeringsmedlem på 1.519.000.
Men også dei på lågare nivå i organisasjonen har til salt i grauten.
Den best betalte mellomleiaren i Sikt har ei årsløn på 1.343.000 kroner. I Sikt arbeider også 11 seniorrådgivarar/ingeniørar millionlønn.
Til samanlikning tente ein statleg tilsett professor i 2021 ca. 900 000 i snitt, ifølgje Forskerforbundets sist tilgjengelege statistikk.
Sikt har eksistert i godt og vel eit år, etter at organet vart oppretta gjennom ein fusjon frå 1. januar 2022. Då vart NSD - Norsk senter for forskingsdata, Uninett og Unit (Direktoratet for IKT og fellestenester i høgare utdanning og forsking) slått saman. Organisasjonane hadde hovudkontor i tre byar, Trondheim, Oslo ogP Bergen. I dag er hovudkontoret i Trondheim, med avdelingar i dei to andre byane.
Det har sidan starten vore vesentlege lønnsskilnader mellom kontorstadene. Høgast løn i snitt har medarbeidarane i Trondheim.
Ni direktørar
På lønnsstigen til den øvste leiinga, rett under toppsjef Roar Olsen, følgjer Tom Are Røtting med ei årslønn p�


































































































