Deler ikkje synet
Nokre undrar seg over at dei ikkje kjente til prisvinnaren frå før. Men det er i hovudsak komiteen si grunngjeving som har fått augnebryna til å løfte seg.
Økonomiprofessor Steinar Vagstad ved Universitetet i Bergen fleskar til på Facebook, der han tek føre seg Holbergkomiteen sine argument. Det første komiteen skriv om prisvinnaren handlar om økonomisk vekst: «Hans klare, analytiske kritikk av rådande økonomisk teori utfordrer den dominerande oppfatninga av økonomisk vekst som det einaste målet på ein god økonomi.»
Her deler ikkje professor Vagstad synet som juryen legg til grunn for å tildele prisen til Martinez Alier.
Vagstad skriv på sin Facebook-profil: «Dette er stråmannsargumentasjon av ypparste klasse. Eg kjenner ingen økonomar som deler det som her blir påstått å vere «den dominerande oppfatningen», og eg kjenner mange økonomar. Kanskje Holbergkomiteen kan gje oss namnet på i det minste ein økonom som har slike oppfatningar?» spør Vagstad.
Har ikkje forstått
Khrono har bede Vagstad om å utdjupe.
- Ingen kan ha full oversikt over alt som skjer innanfor såpass vide fagområde som Holbergprisen dekker. Og eg har ingen problem med at Holbergprisen går til folk eg ikkje kjenner til eller som eg ikkje forstår kva har gjort. Men her kan det sjå ut som om Holbergkomiteen heller ikkje har forstått kva prisvinnarens bidrag er, seier Vagstad.
Han siktar då til formuleringa frå juryen der dei skriv «den dominerande oppfatningen av økonomisk vekst som det einaste målet på ein god øk