- Kvifor vart det doktorgrad om akkurat dette emnet?
- Eg har jobba ved lærarutdanninga ved Høgskulen på Vestlandet sidan 2013, og før det jobba eg i grunnskulen som lærar i mat og helse. Dette er eit fagfelt som det er lite forska på og der det ikkje har vore skrive doktoravhandlingar tidlegare. Eg søkte, og fekk, den første stipendiatstillinga i dette faget. Og dei siste tre åra har det vorte skrive tre avhandlingar innan mat og helse-faget
- Kan du presentera prosjektet ditt i korte trekk?
- Eg har sett på mat og helse-lærarane sine didaktiske praksisar i faget og òg i skulemåltidet. Eg har hatt case-studium på tre barneskular og har observert lærarar i mat og helsefaget, i skulemåltidet og intervjua både lærarar og re