Sist helg gjekk avgått prodekan Ellen Rees og fakultetstyremedlem Gjertrud F. Stenbrenden i eit innlegg i Uniforum hardt ut mot leiarstilen til HF-dekan Arne Bugge Amundsen og prosedyrane i fakultetsstyret. Der skreiv dei mellom anna at «Vi har fått inntrykk av at dekanen ønsker å begrense kritiske stemmer i fakultetsstyret når et styremedlem har innvendinger mot en prosess.»
Innlegget blei fylgt opp med eit svar frå dekan Arne Bugge Amundsen og Eirik Welo, som overtok som prodekan etter Ellen Rees. Dei forsvarte både leiarstil og prosedyrane i styret, og meinte innlegget til dei to kritikarane var ein del av dekanvalkampen. Dei slo tilbake: «Påstanden om at det har vært lite åpenhet og demokrati i fakultetsstyret, er derimot noe vi som fakultetsledelse ikke kjenner oss igjen i», skreiv dei i svaret sitt.
Tidlegare denne veka kunne Uniforum melda at begge desse innlegga ville bli tema for ein diskusjon i fakultetsstyret i dag, fredag 26. oktober. Den fann stad i møterommet i 12 etasje i Niels Treschows hus.
Dekan Arne Bugge Amundsen grunngav først kvifor han ville ha debatten inn i fakultetsstyret: - Eg vil ikkje feia denne kritikken under