AddToAny

Her underviser Sivert (27) i matematikk. Det kunne like gjerne vore norsk, engelsk eller naturfag

Han har kompetanse i fire undervisningsfag, og er med det temmeleg unik som lærar. For kor godt fungerer eigentleg lærarutdanninga for skuleverket?
- Me reiser oss!

Sivert Vinjevoll Årdal ønskjer «god morgon» til ein 10.klasse ved Olsvik skole i Bergen. Denne fredagsmorgonen er det matematikk som står på menyen, og læraren repeterer raskt funksjonar for elevane før dei går vidare.

Matematikk er eit av fire undervisningsfag Årdal har. Det gjer han ganske unik.

For i den femårige grunnskulelærarutdanninga for 5.-10.trinn er det berre plass til to heile undervisningsfag, altså fag med 60 studiepoeng, i tillegg til pedagogikk og didaktikk. Skal ein undervisa på ungdomsskulen, er det krav om så mange studiepoeng i norsk, matte og engelsk, og krav om 30 studiepoeng i alle andre fag. På barneskulen er kravet at lærarane har minst 30 studiepoeng i matematikk, norsk og engelsk.

- Ein kandidat som Sivert kan dekka eit stort spekter, seier avdelingsleiar Roger Toftevåg nøgd.

Jobbar tverrfagleg

Då kampen for campus og lærarutdanning på Nesna rasa, var det distriktlærarutdanning som var i fokus. Laksemillionær Aino Olaisen har, saman med mellom andre gamlerektoren Arna Meisfjord, gått i bresjen for framtidas distriktsskule.

«Et viktig første trinn for å sikre rekruttering av lærere til distriktsskolene, er at vedtaket om å fjerne allmennlærerens kompetanse til å undervise i alle grunnskolens fag, blir opphevet», slår styringsdokumentet fast.

- Vi treng allroundarar. Spesialisering og mastergradar er vel og bra for skular med 800 elevar, men når du skal undervisa 4, ja, då trengst det ein annan kompetanse, sa Olaisen til Khrono i 2021.

Ho fekk støtte frå Meisfjord, som peika på at det var pedagogikk for fådelte skular som hadde vore Høgskolen på Nesna sin spesialitet.

Men òg på ein stor skule er det krevjande å få det til å gå rundt dersom ein lærar berre kan undervisa i to fag. Olsvik skole har over 600 elevar fordelt på ti trinn, og er ein av dei største grunnskulane i Bergen kommune.

- Når lærarane har to undervisningsfag, gjer det at ein har veldig mange lærarar innom klassen i løpet av ei veke, og ingen kjenner elevane godt nok, seier Roger Toftevåg.

Han fortel korleis dei løyser det på Olsvik skole:

- Me jobbar tverrfagleg i team. Det vil seia at alle undervisningsopplegga er laga i samarbeid med nokon som har undervisningskompetanse, men så er det eventuelt andre som gjennomfører

Les mer

Flere saker fra Khrono

- Det er overraskende at utdanning og kompetanse diskuteres isolert som om det skulle vært uavhengig av forskning og forskningskvalitet, skriver Svein Stølen og Åse Gornitzka i dette innlegget om Utsynsmeldinga.
Khrono 29.03.2023
Molde-rektor Steinar Kristoffersen vil gjerne lede et universitet, mens de to andre rektorkandidatene er mer avventende til å søke universitetsstatus.
Khrono 29.03.2023
40 prosjekter ved 20 fagskoler over hele landet får utviklingsmidler av regjeringen. Sjekk hvem som får hva.
Khrono 29.03.2023
Oslo tingrett konkluderer i sin dom med at de to aksjonistene utøvde skadeverk mot det berømte Munch-maleriet.
Khrono 29.03.2023
Jon Arne Steen blir ny dekan ved Avdeling for kulturfag ved Høgskulen i Volda (HVO). På søkerlisten var også nåværende dekan, Unni Hagen.
Khrono 29.03.2023

Nyhetsbrev

Lag ditt eget nyhetsbrev:

magazines-image

Mer om mediene i Fagpressen

advokatbladet agenda-316 allergi-i-praksis appell arbeidsmanden arkitektnytt arkitektur-n astmaallergi automatisering baker-og-konditor barnehageno batmagasinet bedre-skole bioingenioren bistandsaktuelt blikkenslageren bobilverden bok-og-bibliotek bondebladet buskap byggfakta dagligvarehandelen demens-alderspsykiatri den-norske-tannlegeforenings-tidende diabetes diabetesforum din-horsel energiteknikk fagbladet farmasiliv finansfokus fjell-og-vidde fontene fontene-forskning forskerforum forskningno forskningsetikk forste-steg fotterapeuten fri-tanke frifagbevegelse fysioterapeuten gravplassen handikapnytt helsefagarbeideren hk-nytt hold-pusten HRRnett hus-bolig i-skolen jakt-fiske journalisten juristkontakt khrono kilden-kjonnsforskningno kjokkenskriveren kjottbransjen kommunal-rapport Kontekst lo-aktuelt lo-finans lo-ingenior magasinet-for-fagorganiserte magma medier24 museumsnytt natur-miljo nbs-nytt nettverk nff-magasinet njf-magasinet nnn-arbeideren norsk-landbruk norsk-skogbruk ntl-magasinet optikeren parat parat-stat politiforum posthornet psykisk-helse religionerno ren-mat samferdsel seilmagasinet seniorpolitikkno sikkerhet skog skolelederen sykepleien synkron tannhelsesekreteren Tidsskrift for Norsk psykologforening traktor transit-magasin transportarbeideren uniforum universitetsavisa utdanning vare-veger vvs-aktuelt