Uniforum
17.09.2018
- Me legg oss ikkje bort i ei vurdering av klokskapen i avgjerda om å investera pengar i OsloMets avis Khrono.
Men me er opptekne av at avgjerda skal ha legitimitet og forankring i dei styrande organa ved Universitetet i Oslo, skriv Uniforum-redaktør Martin Toft i eit svar til UiO-rektor Svein Stølen.
Les merYNSKJER ANNA HANDSAMING: - Avgjerda om å løyva pengar frå rektorreserven til OsloMets avis Khrono, burde ha blitt handsama både i Uniforum-styret og i Universitetsstyret, synest Uniforum-redaktør Martin Toft.
Foto: Ola Sæther
Når det hastar å få ting gjennom utan å invitera til vanleg akademisk debatt, går det som regel gale. Det har skjedd i hasteavgjerda til rektor Svein Stølen om å ta pengar frå rektors reserve og gi dei rundhanda til OsloMets avis Khrono i staden for å satsa på Universitetet i Oslos eiga uavhengige avis, Uniforum.
Me tvilar på om det hadde vore så enkelt �