Det var jussdekan Ragnhild Hennum som heldt appell på vegner av Universitetet i Oslo, medan rektor Christen Krogh stilte opp for OsloMet.
- Pride verkar, rettskamp verkar
Ragnhild Hennum kom inn på at UiO og OsloMet kom litt seint i gang med å markera Oslo Pride, men at det i dei siste åra før først pandemien og så terroraksjonen i fjor sette strek for Oslo Pride, var dei to universiteta blitt flinkare til å markera denne dagen.
APPELL: Jussdekan Ragnhild Hennum heldt appell og minna om at både Pride og rettskamp verkar. (Foto: Martin Toft)
- Eg hugsar ei gammal dame på vårt fakultet, som no er pensjonist. Ho gret og fortalde oss at ho trudde aldri at ho ville oppleve det i si levetid, for i nesten alle dei åra ho hadde jobba på fakultetet hadde ho halde kjeft om at ho var lesbisk, sa Ragnhild Hennum.
Og ho fortsatte.
- Pride verkar, rettskamp verkar. Det skal ikkje berre vera det, men det skal ikkje berre vera fest og moro heller. Denne kampen starta i 1969, på grunn av politiets trakassering av homofile i ein b


































































































