Uniforum
18.04.2018
- Denne saka vitnar om det svake rettsvernet offera for seksuell trakassering har hatt i lang tid. Det seier likestillings- og diskrimineringsombod Hanne Bjurstrøm.
MAKT TIL Å GI ERSTATNING::Likestillings- og diskrimineringsombod Hanne Bjurstrøm er svært nøgd med at Stortinget har vedtatt og bede regjeringa om å innføra eit lågterskeltilbod og gi diskrimineringsnemnda makt til å gi oppreising og erstatning i trakasseringssaker. Ho har stor forståing og sympati for belastinga ein tidlegare UiO-forskar har opplevd før ho fekk tilkjent erstatning for yrkesskade påført av seksuell trakassering.
Les merFoto: Ola Sæther
Det var den 12. april Uniforum kunne melda at den tidlegare UiO-forskaren Birgitte Moesgaard Henriksen hadde inngått eit forlik med Statens pensjonskasse. Avtalen vil gi henne erstatning for yrkesskade påført henne av seksuell trakassering på Universitetet i Oslo.
- Prinsipiell siger
Sjølv skildra ho det som ein milestolpe for alle offer for trakassering.
- Dette er ein svært viktig prinsipiell siger for alle som er utsette for trakassering, mot maktmisbruk og dårleg leiarskap. Eg opplever at det er ei ny tid og at det nyttar å varsla om slike lovbrot, sjølv om dei offentlege instansane sviktar totalt, sa Moesgaard Henriksen i ein