- Den gongen såg verda litt annleis ut. Det har kome nye utviklingsagendaer som berekraftsmål. Mange land i Afrika som Etiopia, Tanzania og Rwanda har oppnådd vekst. No er me i ei global krise, der alle er deprimerte og alt verkar ganske håplaust. No er dette rett kurs til rett tid, og det er fint å kunna revidera det med eit optimistisk blikk, seier Dan Banik til Uniforum.
- Har tatt opp førelesingar i hagen og i stova
Det var i 2013 at han fekk ein førespurnad frå dåverande UiO-rektor Ole Petter Ottersen og Universitetets senter for informasjonsteknologi (USIT) om å setja i gang det som blei det aller første MOOC-kurset på UiO. Den første månaden melde over 6500 studentar seg på, og sidan den gongen har til saman 12 000 studentar i 150 land tatt kurset, opplyser Dan Banik. No håpar han at endå fleire vil ta kurset etter at det er blitt meir aktualisert.
- Det som er nytt er mange nye førelesingar som er tatt opp i hagen min eller i stova og i ulike andre lokale. Dessutan så har me gjort det mogleg å lasta kurset direkte ned frå UiOs nettsider. Tidlegare var me avhengige av å bruka internasjonale MOOC-plattformer, dei hadde sine avgrensingar, nokre av dei tar seg betalt for diplom. No har me gjort de