Khrono
17.12.2016
Tilgang. Forslaget om å halda søndagsope ved alle lesesalane ved Høgskolen i Bergen (HiB) blei torsdag nedstemt i høgskulestyret. Av dei 19 største høgskulane og universiteta i Noreg er HiB då den einaste som berre har avgrensa ope.
- Eg opplever eigentleg saka blir utsett igjen. Ein utsett opning av Kronstad og Møllendalsveien, og flytter saka frå dagens styre og inn i det nye, utan å legga nokon konkrete planar for korleis ein kan jobba med saka vidare, seier leiar i Studentparlamentet ved Høgskolen i Bergen (HiB), FredrikBødtker.
Les merLesesalane ved HiB har vore stengde på søndagarsidan samlokaliseringa på Kronstad i 2014. Studentparlamentet har lenge kjempa for å få lesesalane tilgjengelege for studentane også påsøndagar.
Ifølgje ei oversikt utarbeidd av studentleiar Bødtker er HiB den einaste av landets 19 største offentlege utdanningsinstitusjonar som ikkje held ope påsøndagar.
Høgskulane i Sogn og Fjordane og Stord/Haugesund, som skal fusjoneremed HiB frå nyåret, er òg blant dei medsøndagsope.
Saka har vorte utsett i styret i fleire omgangar, og på torsdagens styremøteved HiB laadministrasjonen fram forslag om ny utsetting. Dei ønskaat sakaskulle takast oppnår ein går inn i Høgskulen på Ve