Uniforum
05.02.2019
Masterplan for universitetet IT og innføring av ei ordning med ekstern styreleiar for UiO: livsvitskap er to av sakene som skal opp i universitetsstyret i dag. Møtet startar no klokka 10.00.
Det er berre dei to første orienteringssakene som blir haldne for opne dører. Universitetsstyret skal der bli orienterte om arbeidet med endringar i Universitets- og høgskulelova. Orienteringa blir gitt av utvalsleiar Helga Aune. Deretter skal dekan Nils von der Fehr presentera Det samfunnvitskaplege fakultetet. Deretter skal universitetsstyret ha oppe diskusjonssakene om årsrapport for 2018, masterplan for universitetets IT og politikk for UiOs eksternfinansierte senter. Desse diskusjonssakene kjem inn under eit seminar berre for styremedlemane, og difor blir diskusjonen heller ikkje strøymd over nettet. Det blir derimot sakene som kjem opp frå klokka 13.30. Då skal universitetsstyret mellomm anna vedta eit forslag om å endra talet på medlemane i komiteen for UiOs prisar frå åtte til fem og til forslaget om å oppretta ein ny pris for yngre og framifrå forskarar. Etterpå skal styret bestemma om det skal gå inn for at det blir ein ekstern styreleiar for styret for UiO: l
Les mer