Det har vore ein nedgang på grunn av R2-kravet, og det er bekymringsfullt. Petter Bjørstad Styremedlem Universitetet i Bergen
Ved Universitetet i Bergen (UiB) kan ein ifølgje eigne prognosar ha 220 tomme studieplassar på Det matematisk-naturvitskaplege fakultetet i vårsemesteret. I så fall vil 26 prosent av dei 843 studieplassane stå tomme, kom det fram i førre universitetsstyremøte.
Alvorleg uro
- Det har vore ein nedgang på grunn av R2-kravet, og det er bekymringsfullt. Intensjonen med R2-kravet var nok fornuftig og god. Men det er viktig å setje seg inn i bakgrunnstala og sjå grundigare på dette, sa UiB-styremedlem Petter Bjørstad då saka var oppe i styret i førre veke.
Dekan på Det matematisk-naturvitskaplege fakultet på UiB, Helge K. Dahle, er òg bekymra:
- Det uroar oss alvorleg. Riktignok ventar vi at fråfallet kjem til å vere atskillig mindre enn prognosane, fordi vi no har strengare krav i matematikk. Men eg ser ingen grunn til å snakke meg vekk frå at R2-kravet slår kraftig inn her, seier Dahle.
Ba sjølv om høgare krav
Prognosane som universitetsleiinga har brukt for å berekne eit muleg studentunderskot på 220 plassar er basert på tidlegare år der det ikkje var R2-krav. Med betre kvalifiserte studentar trur Dahle at fråfallet difor blir mindre i år. Men allereie etter å ha telt kor mange som har møtt er det rundt 130 færre studentar enn