AddToAny

Framleis nynorsk, men uvisse om utviklingsavdeling

Det skal framleis være nynorsk i Sparebanken Sogn og Fjordane, og ingen tilsette skal miste jobben. Men ikkje alt er klart etter at fjordbanken melde seg inn i SpareBank 1-alliansen.
Kva som skjer med utviklingsavdelinga er ikkje heilt avklart, og tre av dei tilsette hoppa i sommar av for å starte eiga verksemd.

FØRDE: Den kjende blå logoen med tre toppar i rekkje som symbol på Sunnfjord, Nordfjord og Sogn, blir no historie. Sparebanken Sogn og Fjordane er kjend for å satse på teknologisk utvikling gjennom si eiga utviklingsavdeling der det er bygd opp høg kompetanse. Når dei no går inn i meir standardiserte løysingar i SpareBank 1-systemet, er dette ei av avdelingane der det har vore uvisse.

- Det er snakk om at denne avdelinga skal bli ein del av utviklingsavdelinga i SpareBank 1-systemet. Alt er ikkje heilt klart. Vi hadde ei sak i sommar der tre av dei tilsette i utviklingsavdelinga sa opp jobbane sine og starta sitt eige selskap. Det var medlemmer i Finansforbundet blant dei. Akkurat det var ei litt lei sak, seier hovudtillitsvald Camilla Holvik.

NYNORSK BLIR MED VIDARE

- Då vi skjøna at det kunne gå mot ei endring, var det ein del uvisse. Det gjekk mellom anna på logoen, identiteten, om vi fekk halde på nynorsk språk. Det var kjenslemessige ting. No veit vi at vi skal vere den same banken, i ny drakt. Og vi får halde fram med nynorsk, seier Holvik.

- Per dags dato har eg ikkje fått nokon negative tilbakemeldingar på valet. Responsen er overraskande positiv med tanke på at det er ei stor avgjerd. Vi har hatt tett dialog med Finansforbundet i samband med at vi går inn i alliansen, sidan vi må vere budde på at nokon får nye arbeidsoppgåver når vi skal tilpasse oss nye system. Vi er realistiske. Det er ei uvisse kring kva ein skal jobbe med. Eg trur grunnen til den positive responsen trass dette, er kjensla av at vi bli sterkare når vi står saman med andre.

Vi skal vere den same banken, i ny drakt. Og vi får halde fram med nynorsk.

Camilla Holvik

GJEKK INN MED 630 MILLIONAR

Det var i slutten av april det vart kjent at Sparebanken Sogn og Fjordane kjøper 13 prosent eigardel i SamSpar, noko som gir tilgang til SpareBank 1-alliansen. Banken betaler 630 millionar kroner for å bli medeigar i Noregs største bankallianse. Banken vil framleis vere eigd av Sparebankstiftinga Sog

Les mer

Flere saker fra Finansfokus

Valgkomiteen har sagt sitt. De vil ha Vigdis Mathisen og Arne Fredrik Håstein som ledere av Finansforbundet i tre nye år. Vi har spurt dem og de andre som er innstilt til forbundsstyret hva de mener er forbundets største utfordringer de neste tre årene og om de har et område de brenner spesielt for.
Finansfokus 10.10.2025
Psykologisk trygghet har blitt et populært begrep i dag, og er en nøkkel til å skape robuste, produktive team, om vi skal tro Trine Grønvold.
Finansfokus 10.10.2025
Det er ikke bare mennesker som må se jobbene sine truet av kunstig intelligens. Nå er det også hundenes tur.
Finansfokus 10.10.2025
Automatisering, kunstig intelligens, outsourcing og fusjoner er drivere som har gitt en kuttbølge i finans. Sist ut er Fremtind, Tryg, DNB og Sparebanken Norge.
Finansfokus 10.10.2025
Jack Zhang - grunnleggeren av fintech-selskapet Airwallex - har blitt sponsor og leverandør av finansinfrastruktur for fotballklubben Arsenal. Han er fra før sponsor for McLaren Formel 1.
Finansfokus 10.10.2025

Nyhetsbrev

Lag ditt eget nyhetsbrev:

magazines-image

Mer om mediene i Fagpressen

advokatbladet agenda-316 allergi-i-praksis appell arbeidsmanden arkitektnytt arkitektur-n astmaallergi automatisering baker-og-konditor barnehageno batmagasinet bedre-skole bioingenioren bistandsaktuelt blikkenslageren bobilverden bok-og-bibliotek bondebladet buskap byggfakta dagligvarehandelen demens-alderspsykiatri den-norske-tannlegeforenings-tidende diabetes diabetesforum din-horsel energiteknikk fagbladet farmasiliv finansfokus fjell-og-vidde fontene fontene-forskning forskerforum forskningno forskningsetikk forste-steg fotterapeuten fri-tanke frifagbevegelse fysioterapeuten gravplassen handikapnytt helsefagarbeideren hk-nytt hold-pusten HRRnett hus-bolig i-skolen jakt-fiske journalisten juristkontakt khrono kilden-kjonnsforskningno kjokkenskriveren kjottbransjen kommunal-rapport Kontekst lo-aktuelt lo-finans lo-ingenior magasinet-for-fagorganiserte magma medier24 museumsnytt natur-miljo nbs-nytt nettverk nff-magasinet njf-magasinet nnn-arbeideren norsk-landbruk norsk-skogbruk ntl-magasinet optikeren parat parat-stat politiforum posthornet psykisk-helse religionerno ren-mat samferdsel seilmagasinet seniorpolitikkno sikkerhet skog skolelederen sykepleien synkron tannhelsesekreteren Tidsskrift for Norsk psykologforening traktor transit-magasin transportarbeideren uniforum universitetsavisa utdanning vare-veger vvs-aktuelt