AddToAny

Forventar dom innan tre veker

Den åtte dagar lange rettsaka mellom dei 163 psykoligstudentane frå ELTE-universitetet i Ungarn og staten er over.
Ein time på overtid var advokatane i dag ferdige med to dagar lange prosedyrer i søksmålssaka mellom studentane frå Eötvös Loránd University (ELTE) i Ungarn og den norske stat.

Retten har høyrt partforklaringar frå tre av dei 163 psykologistudentane som har saksøkt staten. I tillegg har totalt 13 vitne forklart seg. Vitna har vore alt frå dekanar i Noreg og Ungarn, til professorar i psykologi, rettleiarar for ELTE-studentar, representantar frå Psykologiforeininga og Norsk psykologforeining.

Vi har høyrt sterke historier om unge menneske som har investert betydeleg med tid og ressursar i dette utdanningsløpet. Per Andreas Bjørgan Advokaten til saksøkarane

Ein dom er venta innan tre veker, opplyste dommar Sven Olav Solberg før retten vart heva.

Det har vore ei rettssak med mykje følelsar involvert. Tre av dei 163 som er omfatta av gruppesøksmålet heldt partsforklaringar der dei snakka om forvirring, fortviling og usikkerheit.

- Vi har høyrt sterke historier om unge menneske som har investert betydeleg med tid og ressursar i dette utdanningsløpet og som har blitt gjenstand for denne praksisendringa, og vore svært usikre sidan, sa saksøkarane sin advokat Per Andreas Bjørgan i starten av si prosedyre tirsdag.

I tillegg til dei 163, så er det fleire som framleis ikkje er uteksaminerte frå ELTE enno, det er pårørande og andre som saka røyrer ved.

Det har tidvis også vore høg temperatur, både under vitneforklaringane og under prosedyrene dei siste dagane.

Om saksøkarane får medhald, kan saka truleg skape presidens for liknande saker, ifølgje saksøkarane sin advokat, Per Andreas Bjørgan.

Saksøkt

Årsaka til at dei 163 studentane

Les mer

Flere saker fra Khrono

Hvor lett skal vi gjøre det for KI-generasjonen, spør student. Har vi ikke universiteter for å oppdra individer som kan undersøke, skrive og tenke selv, istedenfor å leke gjetteleken med informasjon fra ChatGPT?
Khrono 28.09.2023
Regjeringen vil ha mindre detaljstyring. Prosessen startet i sommer, og fortsetter nå.
Khrono 28.09.2023
Over en tredel av studentene ved fagskolene har ikke opplevd at representanter fra arbeidslivet har bidratt i utdanninga hittil i studiet, viser Studiebarometeret for fagskolestudenter.
Khrono 28.09.2023
Han framsto som en usedvanlig dyktig søker da han søkte jobb hos Universitet i Bergen. Nå vil universitetet be redelighetsutvalget se på covid-19-artiklene han publiserte mens han var ansatt.
Khrono 28.09.2023
Leder av sykepleieforbundets studentorganisasjon mener universitets- og høgskoleloven i for liten grad ivaretar studenter og deres rettigheter.
Khrono 27.09.2023

Nyhetsbrev

Lag ditt eget nyhetsbrev:

magazines-image

Mer om mediene i Fagpressen

advokatbladet agenda-316 allergi-i-praksis appell arbeidsmanden arkitektnytt arkitektur-n astmaallergi automatisering baker-og-konditor barnehageno batmagasinet bedre-skole bioingenioren bistandsaktuelt blikkenslageren bobilverden bok-og-bibliotek bondebladet buskap byggfakta dagligvarehandelen demens-alderspsykiatri den-norske-tannlegeforenings-tidende diabetes diabetesforum din-horsel energiteknikk fagbladet farmasiliv finansfokus fjell-og-vidde fontene fontene-forskning forskerforum forskningno forskningsetikk forste-steg fotterapeuten fri-tanke frifagbevegelse fysioterapeuten gravplassen handikapnytt helsefagarbeideren hk-nytt hold-pusten HRRnett hus-bolig i-skolen jakt-fiske journalisten juristkontakt khrono kilden-kjonnsforskningno kjokkenskriveren kjottbransjen kommunal-rapport Kontekst lo-aktuelt lo-finans lo-ingenior magasinet-for-fagorganiserte magma medier24 museumsnytt natur-miljo nbs-nytt nettverk nff-magasinet njf-magasinet nnn-arbeideren norsk-landbruk norsk-skogbruk ntl-magasinet optikeren parat parat-stat politiforum posthornet psykisk-helse religionerno ren-mat samferdsel seilmagasinet seniorpolitikkno sikkerhet skog skolelederen sykepleien synkron tannhelsesekreteren Tidsskrift for Norsk psykologforening traktor transit-magasin transportarbeideren uniforum universitetsavisa utdanning vare-veger vvs-aktuelt