AddToAny

Forskar tapte mot UiO i retten: - Eg vil stå fram med min versjon av historia

Forskar tapte mot UiO i retten: - Eg vil stå fram med min versjon av historia
Forskaren Godfrey Etokebe gjekk til sak mot UiO for diskriminering og ulovleg oppseiing, og tapte nyleg i Oslo tingrett. Han er ikkje knekt. - Nei, eg er dømt for at eg ikkje ville vera ein latsabb.
Så derfor er eg takksam for den dommen, seier han til Uniforum.

TØFT: - Det er tøft når du tenkjer at du ikkje blir sett pris på. Uansett kva eg gjorde, var det nokre personar som hadde som baktanke at dei ville finna eit påskot for å kasta meg ut, seier forskaren Godfrey Etokebe. Han tapte nyleg ei arbeidsrettssak mot Universitetet i Oslo i Oslo tingrett.

Foto: Ola Sæther

Det var tidlegare i år Godfrey Etokebe gjekk til sak mot Universitetet i Oslo for ulovleg oppseiing og diskriminering. Kjernen i saka er at han gjennom mange år var tilsett i kortare og lengre tid ved Institutt for oral biologi, både som avdelingsingeniør og postdoktor. Han søkte også tre ledige stillingar ved instituttet, og ifylgje advokaten hans, Ola Gramstad Jensen er det heilt uforståeleg at han ikkje fekk ei av desse stillingane. Dessutan blei han heller ikkje kalla inn til intervju.

Då han ikkje lenger hadde jobb på Institutt for oral biologi fekk han likevel høve til å ha arbeidspraksis i laboratoriet med lønnstilskot frå NAV. Då fekk han både adgangskort og PC frå Universitetet i Oslo. Det skjedde over ein så lang periode at advokaten hans i retten hevda at Universitetet i Oslo har i praksis holdt seg med en gratisarbeider fra Nigeria, under foregivende at de ville gjøre ham kvalifisert for ansettelse på et senere tidspunkt, skriv advokaten i anken. Der har forskar Godfrey Etokebe gått bort frå kravet om å få jobb på UiO. I anken til lagmannsretten krev han erstatning og oppreising for diskriminering, etterbetaling av lønn for den tida han har jobbet gratis og erstatning for tapte pensjonsrettar.

* Les meir i Uniforum: Anker tingrettsdom: Anklager UiO for etnisk diskrimiering og sosial dumping

* Les meir i Uniforum: Forsker tapte oppsigelsessak mot UiO

Godfrey Etokebe kom frå Nigeria til Oslo i 1988, for å gå på Den internasjonale sommarskulen. Deretter kom han inn på Universitetet i Bergen for å ta naturfag med kjemi som hovudlinje etter å ha fått stipend. Seinare tok han cand.mag med studieretning biokjemi. Så drog han til UiO der han blei cand.scient. Han heldt fram den akademiske karrieren sin med å ta doktorgrad i immunologi ved Rikshospitalet/Det medisinske fakultetet.

Uniforum møter Godfrey Etokebe på Universitetet i Oslo. Det er ingen slagen mann som sit framfor oss. No vil han gjerne fortelja sin versjon av denne saka, ein versjon som han meiner ikkje har fått særleg plass i dommen frå Oslo tingrett. Først ynskjer han å visa noko av det han har oppnådd i forskinga i immungenetikk.

- Eg vil finna immungenar og deira samanheng i forhold til sjukdommar. Då eg tok doktorgraden utvikla eg ein genetisk metode for beinmergstransp

Les mer

Flere saker fra Uniforum

Regjeringen er opptatt av å gi universitetene og høyskolene gode rammer til å forme lærerutdanningene. Nå skal en ny ekspertgruppe se nærmere på hvordan styringen kan bli mer overordnet.
Uniforum 28.09.2023
Universitetet i Oslo faller på den siste rangeringen til Times Higher Education. Samtidig går det oppover med NTNU, melder Khrono. I fjor ble UiO rangert som Nordens sjette beste universitet, men i år faller det ned til åttendeplass.
Uniforum 27.09.2023
- Politikk er skeivt fordelt. Men i eit liberalt demokrati kan me ikkje forby nokon å påverka. Å ha eit lobbyregister kunna vera eit sunt steg, foreslår statsvitskapsprofessor Sirianne Dahlum.
Uniforum 27.09.2023
Vibeke Roggen rakk så vidt å sikre seg tittelen professor i latin før hun gikk av med pensjon.
Uniforum 27.09.2023
Risikovurderingen er unnagjort. Mandatet for utredningen er nesten ferdig. Alt burde egentlig ligge til rette for en god prosess videre. Men noe har dukket opp.
Uniforum 26.09.2023

Nyhetsbrev

Lag ditt eget nyhetsbrev:

magazines-image

Mer om mediene i Fagpressen

advokatbladet agenda-316 allergi-i-praksis appell arbeidsmanden arkitektnytt arkitektur-n astmaallergi automatisering baker-og-konditor barnehageno batmagasinet bedre-skole bioingenioren bistandsaktuelt blikkenslageren bobilverden bok-og-bibliotek bondebladet buskap byggfakta dagligvarehandelen demens-alderspsykiatri den-norske-tannlegeforenings-tidende diabetes diabetesforum din-horsel energiteknikk fagbladet farmasiliv finansfokus fjell-og-vidde fontene fontene-forskning forskerforum forskningno forskningsetikk forste-steg fotterapeuten fri-tanke frifagbevegelse fysioterapeuten gravplassen handikapnytt helsefagarbeideren hk-nytt hold-pusten HRRnett hus-bolig i-skolen jakt-fiske journalisten juristkontakt khrono kilden-kjonnsforskningno kjokkenskriveren kjottbransjen kommunal-rapport Kontekst lo-aktuelt lo-finans lo-ingenior magasinet-for-fagorganiserte magma medier24 museumsnytt natur-miljo nbs-nytt nettverk nff-magasinet njf-magasinet nnn-arbeideren norsk-landbruk norsk-skogbruk ntl-magasinet optikeren parat parat-stat politiforum posthornet psykisk-helse religionerno ren-mat samferdsel seilmagasinet seniorpolitikkno sikkerhet skog skolelederen sykepleien synkron tannhelsesekreteren Tidsskrift for Norsk psykologforening traktor transit-magasin transportarbeideren uniforum universitetsavisa utdanning vare-veger vvs-aktuelt