Ho er stipendiat i engelsk fagdidaktikk ved Institutt for framandspråk ved Universitetet i Bergen (UiB), og har nyleg lansert ein podkast i fleire episodar. «Forskning til folket» heiter den, og Eide snakkar primært med forskarar, men òg med journalistar og kommunikasjonsrådgivarar, om korleis ein kan driva med god forskingsformidling.
At det er forskarar som kjenner forskarkvardagen best, er grunnen til at Eide først og fremst ville snakka med nettopp forskarar om formidling.
- Eg trur forskarar høyrer meir på andre forskarar enn på journalistar eller kommunikasjonsrådgivarar når det kjem til formidling, og kan vera til meir inspirasjon.
Skal formidla, ifølgje lova
Formidla skal ein. I universitets- og høgskulelova heiter det at ei av oppgåvene til desse to er å «bidra til å spre og formidle resultater fra forskning og faglig og kunstnerisk utviklingsarbeid». I tillegg har forskings- og høgare utdanningsminister Ola Borten Moe vore tydeleg på kva hans forventningar er:
- Som statstråd har eg ei generell - og høgst rimeleg - forventning til høgskular og akademia om at akademikarar og forskarar deltek i det offentlege ordskiftet, sa han til Khrono hausten 2021.
Vidare sa Borten Moe at Noreg aldri har hatt så mange professorar eller folk som jobbar i akademia som no, og samstundes har ein aldri hatt så lita deltaking frå akademikarar i samfunnsdebatten.
- Eit parad