Hjortejakta startar 1. september. Samstundes går startskotet for eit forsøksprosjekt med fri avskyting av hjortekalv i dei tre kommunane Kvinnherad, Aurland og Kinn.
Det er Peder Nernæs, leiar i Hordaland Bondelag, glad for.
- Eg ynskjer velkomen alle forsøk som kan regulere hjortestamma, seier han.
Fylkesleiaren er dessutan spesifikt glad for dette forsøket.
- Om fri avskyting er riktig, veit ein ikkje før ein har prøvd. Det er derfor dei gjer det som eit forsøk. Men det er ein tanke eg har hatt i fleire år, avslører han.
- Skote for lite unge dyr
- Det er lite tvil om at ein må endre avskytinga, til meir kalv og ungdyr. Historisk har det vore feil skattlegging av stamma. Ein har skote for mange vaksne bukkar og kolle