AddToAny

Fleire studentar i arbeid som følge av krisepakken

Fleire studentar i arbeid som følge av krisepakken
Nokre har lyst ut og andre har allereie tilsett studentar i nyoppretta assistent-stillingar. Tusenvis av studentar kan sikre seg kjærkomen inntekt frå regjeringa sin krisemilliard.
I desse dagar startar fleire og fleire av dei 190 millionar kronene som regjeringa la på bordet, å materialisere seg i løn til ferske, nytilsette studentar i stillingar som studentassistentar.

Dette er delar av summen på kring ein milliard som regjeringa har løyva i krisepakken til studentane.

50 millionar har gått til Samskipnadane som skal løne studentar for å få på plass sosiale lågterskeltilbod.

124 millionar har gått til alle dei offentlege høgskulane og universiteta for å løne studentar for å drive tettare fagleg oppfølging av medstudentar.

16 millionar har gått til dei private høgskulane for å gjere det same.

- For studentar av studentar

Fleire studentar har allereie sikra seg desse deltidsjobbane. Til dømes har Studentsamskipnaden på Vestlandet tilsett 29 studentar allereie, og planlegg å tilsette enda fleire framover, skriv StudVest.

Studentane Pia Alexandersen (23) og Hanne Pedersen (25) er blant dei 29 tilsette.

- Hovedmotivasjonen min for å søke på stillinga var at eg synst jobben i seg sjølv høyrdest spennande ut, i tillegg til behovet for ekstra inntekt og fleksibiliteten, seier Alexandersen til StudVest, som er tilsett som kommunikasjonsmedarbeider.

Både Alexandersen og Pedersen seier at jobbane lét seg lett kombinere med studium og andre verv.

Pedersen er tilsett som studentmedarbeider i samskipnaden. Ho er med å arrangere quiz, og framover skal dei starte med vennespleis for å få studentar til å bli kjende med kvarandre.

- Sidan vi som er tilsett i denne jobben også er studentar, veit vi i større grad kva stundentar treng. Det er det som er det fine med at dei har tilsett studentar, det b

Les mer

Flere saker fra Khrono

Hvor lett skal vi gjøre det for KI-generasjonen, spør student. Har vi ikke universiteter for å oppdra individer som kan undersøke, skrive og tenke selv, istedenfor å leke gjetteleken med informasjon fra ChatGPT?
Khrono 28.09.2023
Regjeringen vil ha mindre detaljstyring. Prosessen startet i sommer, og fortsetter nå.
Khrono 28.09.2023
Over en tredel av studentene ved fagskolene har ikke opplevd at representanter fra arbeidslivet har bidratt i utdanninga hittil i studiet, viser Studiebarometeret for fagskolestudenter.
Khrono 28.09.2023
Han framsto som en usedvanlig dyktig søker da han søkte jobb hos Universitet i Bergen. Nå vil universitetet be redelighetsutvalget se på covid-19-artiklene han publiserte mens han var ansatt.
Khrono 28.09.2023
Leder av sykepleieforbundets studentorganisasjon mener universitets- og høgskoleloven i for liten grad ivaretar studenter og deres rettigheter.
Khrono 27.09.2023

Nyhetsbrev

Lag ditt eget nyhetsbrev:

magazines-image

Mer om mediene i Fagpressen

advokatbladet agenda-316 allergi-i-praksis appell arbeidsmanden arkitektnytt arkitektur-n astmaallergi automatisering baker-og-konditor barnehageno batmagasinet bedre-skole bioingenioren bistandsaktuelt blikkenslageren bobilverden bok-og-bibliotek bondebladet buskap byggfakta dagligvarehandelen demens-alderspsykiatri den-norske-tannlegeforenings-tidende diabetes diabetesforum din-horsel energiteknikk fagbladet farmasiliv finansfokus fjell-og-vidde fontene fontene-forskning forskerforum forskningno forskningsetikk forste-steg fotterapeuten fri-tanke frifagbevegelse fysioterapeuten gravplassen handikapnytt helsefagarbeideren hk-nytt hold-pusten HRRnett hus-bolig i-skolen jakt-fiske journalisten juristkontakt khrono kilden-kjonnsforskningno kjokkenskriveren kjottbransjen kommunal-rapport Kontekst lo-aktuelt lo-finans lo-ingenior magasinet-for-fagorganiserte magma medier24 museumsnytt natur-miljo nbs-nytt nettverk nff-magasinet njf-magasinet nnn-arbeideren norsk-landbruk norsk-skogbruk ntl-magasinet optikeren parat parat-stat politiforum posthornet psykisk-helse religionerno ren-mat samferdsel seilmagasinet seniorpolitikkno sikkerhet skog skolelederen sykepleien synkron tannhelsesekreteren Tidsskrift for Norsk psykologforening traktor transit-magasin transportarbeideren uniforum universitetsavisa utdanning vare-veger vvs-aktuelt