Denne gongen har UiO slått seg saman med både NTNU, Universitetet i Tromsø og Noregs miljø-og biovitskaplege universitetet som også ber om at dei tomtene som dei festar av Opplysningsvesenets fond blir overførte utan vilkår til desse sjølvforvaltande universiteta og Kunnskapsdepartementet.
Krev sjølvforvaltning av festa tomter
Det var den 12. juni UiO-rektor Svein Stølen og universitetsdirektør Arne Benjaminsen sende eit brev til Kunnskapsdepartementet med ei formell oppmoding om å få driva sjølvforvaltning av den tomtegrunnen på Nedre Blindern som UiO i dag festar av Opplysningsvesenets fond. Årleg betalar UiO 9 millionar kroner i leige til fondet for den tomtegrunnen som alle bygningane på Nedre Blindern med unntak av Svein Rosselands hus, står på.
Kjemibygningen, Fysikkbygningen, ZEB-bygningen, Geologibygningen og Helga Engs hus, er dei bygningane som står heilt eller delvis på denne tomtegrunnen på 70 000 kvadratmeter.
Også i fjor haust kom UiO med ein framstøyt til Barne- og familiedepartementet om å få overta desse tomtene vederlagsfritt eller i alle fall få sleppa å betala leige. Den gongen blei kravet avvist, og det blei vist til Grunnlovas paragraf 116 første punktum om Opplysningsvesenets fond. Der står det fylgjande: «Så vel kjøpesummer som inntekter av det gods som er benefisert geistligheten, skal anvendes til geistlighetens beste og til opplysningens fremme». Denne delen av Grunnlovas paragraf 116, blei oppheva samrøystes av Stortin


































































































