- Då plukka dei ut dei fire høgast rangerte som no deler denne potten over tre år, fortel Tore Rem som er direktør for UiO:Demokrati.
- Skulle gjerne kunna dela ut til fleire
Direktør Tore Rem er glad for responsen frå forskingsmiljøa på UiO.
- Me er svært nøgde med den skarpe konkurransen om midlane, og skulle gjerne kunna dela ut til fleire, seier han til Uniforum.
Han avslører at det blir ein ny utlysing i løpet av våren 2023.
- Over nyttår vil me koma med ei «open utlysing», der me lyser ut mindre midlar til tverrfagleg demokratiforsking, og me har dessutan ute ei utlysing om såkornmidlar til tverrfaglege utdanningsinitiativ, opplyser Tore Rem til Uniforum.
- Vil kartleggja kor langt folk vil gå for å forsvare demokratiet
Professor i statsvitskap Carl Henrik Knutsen er svært nøgd med at han, prosjektleiar Tore Wiig, også frå s


































































































