Khrono
13.10.2021
Nord universitet har fått kritikk frå sitt eige forskingsetiske utval etter gjennomgang av Andreas Ribe-Nyhus' doktorgrad. - Tiltak er implementert og følgt opp, seier prorektor.
Det var Fakultet for lærerutdanning, kunst- og kulturfag (FLU) ved Nord universitet som tok initiativet til ein gjennomgang av Andreas Ribe-Nyhus' doktorgrad. Khronos omtale av doktorgradsavhandlinga før disputasen i august 2020 førte til spørsmål og kritikk knytt til forskingsetiske vurderingar frå fleire hald.
Les merI rapporten frå Forskingsetisk utval ved Nord universitet (FEU) går det fram at det ikkje finst dokumentasjon på at forskingsetiske vurderingar overhovudet er blitt gjort i samband med doktorgradsarbeidet.
Utvalet konkluderer med at arbeidet ikkje er vitskapeleg ureieleg, etter juridiske kriterium.
Både Ribe-Nyhus sjølv og hovudrettleiar, professor emeritus Anders Lindseth, hevdar fortsatt at forskingsetikken er blitt ivaretatt.
Rapporten frå FEU slår fast at det er «grunn til å kritisere systemet