Khrono
07.11.2019
Thea Selliaas Thorsen, førsteamanuensis i klassiske fag ved NTNU, er tatt opp som medlem i The Young Academy of Europe.
The Young Academy of Europe (YAE) er eit ikkje-statleg akademi for unge topp-forskarar som har eitt sterkt engasjement for vitskap og vitskapspolitikk. Frå før av er fysikkprofessor Martin Fernø ved Universitetet i Bergen med, men Selliaas Thorsen blir den første norske kvinna som er tatt opp i fagfellesskapet.
Les merSelliaas Thorsen vart nominert av to medlemmar i moderorganisasjonen Academia Europea, der blant andre May-Britt og Edvard Moser er medlemmar. Ho fortel at ho aldri hadde funne på dette sjølv og vart overraska då ho fekk høyre om nominasjonen. Likevel ynskjer ho ikkje å røpe kven som stod bak anbefalinga.
Eg er glad for å kunne ta del i eit større og tverrfagleg nettverk. Thea Salliaas Thorsen Førsteamanunesis ved NTNU
- Mange vil jo kanskje hevde at slike akademi er pompøst og høgtidelig. Kva tenker du om slike akademi?
- Det er jo eit viktig forum, eg er jo latinist og det første akademiet i