Folk trur eg er sprø når dei ser meg krype rundt i utmarka vinterstid med greinsaks for å rydde kratt, ler Herdis Ravndal.
Det dyrka arealet er avgrensande på Ravndal. Dermed blir det ekstra viktig å skvisa maksimalt ut av utmarka.
- Dessutan er det fantastisk gildt å stella kulturlandskapet og sjå når område dekka med kratt og ugras blir erstatta med verdifullt grønt gras, seier dei to.
Godt klimaGardsbruket til Herdis og Kjetil ligg på Ravndal i Gjesdal kommune i Rogaland. Tunet ligg 150 meter over havet, medan den høgaste toppen ruvar 500 meter over nivået til Nordsjøen, eit par tre mil mot vest.
Klimaet for gardsdrift er det beste. På fleire måtar.
- Me er heldige, med fleire aktive bruk i ei klynge rundt oss. Det blir mest som ei lita grend med aktive bønder, utruleg trivselsskapande med gode naboar, seier dei.
Herdis og Kjetil driv garden på femtande året. Dei tre borna har blitt vaksne, yngste dottera Helen bur framleis heime, medan dei to andre, Elise og Joar, har flytt ut or reiret.
Mjølkekvoten er 105 000 liter, produsert i eit velhalde båsfjøs, som dei færraste greier å gissa vart bygd på 50-talet.
I grisehuset blir det fôra fram 8 - 900 slaktegriser i året, medan det i dei mørkaste og kaldaste månadane på vinteren er god plass til 150 vinterfôra NKS-sauer i sauehuset, som var nytt i 2010.
Fulltid for beggeDei ti siste åra har begge vore heime og hatt garden som arbeidsplass på travel fulltid.
- Me har det veldig greitt her, kunne ikkje hatt det betre, seier dei og peikar ut


































































































