Bok og bibliotek
26.01.2023
Biblioteksjef i Etne Signe Ytrøy (35) er imponert over kor flinke innbyggjarane i Etne er til å bruka biblioteket, og å låna bøker. Både besøkstal og lånetal ligg langt over gjennomsnittet i fylket.
Signe Ytrøy er ny biblioteksjef i Etne bibliotek og starta i jobben i august i fjor. Nå ho no går gjennom tala for 2022 er ho imponert over kor høge både besøkstala og utlånstala er for kommunen.
Les mer- Eg skulle ønske eg kunne tatt litt av æra for dette, men det må eg nok kreditera dei andre tilsette her. Dei har vore utruleg flinke med å legga til rette for utlån, arrangera aktivitetar og gjera biblioteket til ein populær møteplass, seier ho.
- Eg skulle ønske eg kunne tatt litt av æra for dette, men det må eg nok kreditera dei andre tilsette her Signe Ytrøy, biblioteksjef i Etne
2022 er det første året som ser nokolunde normalt ut etter pandemien, og besøkstalet auka frå 14.187 personar i 2021 til 23.000 personar i 2022. Det betyr at kvar innbyggjar i gjennomsnitt besøkte biblioteket 5,6 gonger i løpet av fjoråret, og lånte cirka seks bøker kvar. Dette er dobbelt så h�