Det finst ein elefant ved OsloMet. Det spesielle ved denne elefanten er at leiinga ikkje er i stand til å (be)gripe den. Eit tydeleg eksempel på dette fekk vi demonstrert på jubileumsseminaret om ytringsklimaet i akademia som Khrono arrangerte i samband med sitt femårsjubileum: Rektor Curt Rice kjente seg overhodet ikkje igjen i dei konkrete beskrivelsane av ytringsvegring og av manglande kultur for åpenhet og kritisk refleksjon som paneldeltakarane, Khronos redaktør og innlegga frå salen fortalte om.
Eg meiner det er ein konstruk-sjonsfeil at fag-og vitskaps-kritikk ikkje er blitt integrert og prioritert i alle profesjons-utdan-ningane ved OsloMet. Sigurd Haga Seniorkom-petansesenteret, OsloMet
Eg meiner dette har ei heilt naturleg forklaring: Curt Rice (som så mange andre tilsette i den hierarkiserte høgskolen etter 1994) kjenner ikkje den verksemda og den røyndomen han er sett til å leie. Og då meiner eg ikkje berre «kjenner til», men erfaringsbasert djup innsikt. Og slik innsikt - i den einskilde profesjonsutdanning sin eigenart og tenkemåte - kan vi ikkje venta at lingvisten Curt Rice skal ha. For det ein ikkje har begrep om, og då meiner eg djup kunnskap, det er det lett å oversjå og lett å avvise som ikkje eksisterande.
Men elefanten i rommet, metaforen for det vi ikkje ser, eller for det vi unngår å snakka om, eksisterer aldri i eit vakum. I tillegg til mangelen på erfaring og profesjonsutdanningsfagleg innsikt, er også maktforhold og prestisje, strukturelle forhold og motstridande tenkemåtar tema vi ikkje har kultur for å diskutera. Slik burde det ikkje vera i akademia.
Eg meiner det er ein k


































































































