Fagbladet
02.05.2023
Vikarbyråer tener svært godt på bemanningskrisa i Helse-Noreg. Bemanningsdirektør Kristofer Janiec fakturerte dobbelt da helsevikarane jobba overtid.
F agbladet har fått innsyn i hundrevis av fakturaer og lønnsutbetalingar frå Kooperativ Bemanning AS som viser korleis millionar av offentlege helsekroner hamnar rett i lomma på bemanningsbyrået.
Skilnaden mellom lønna til sjukepleiaren og prisen kommunen betaler er på opp til fleire hundre kroner. Trekk ein frå utgifter til sosiale avgifter, reise og bustad, går resten av pengane til Kooperativ Bemanning.
Det går klart fram av materialet at dess meir vikaren jobbar, dess betre er det for byrået. Ein overtidstime er klart meir lønnsam for selskapet enn ein vanleg arbeidstime (sjå graf til høgre).
AUKA FORTENESTEMARGIN
Eigar og dagleg leiar i Kooperativ Bemanning, Kristofer Janiec, bekreftar at tala Fagbladet presenterer er korrekte.
Selskapet aukar prisen til kommunen prosentuelt like mykje som lønna til sjukepleiaren aukar. Det vil seie at når vikaren jobbar overtid betaler selskapet 100 prosent tillegg til vikaren, men aukar også sitt formidlingsgebyr til kommunen med 100 prosent - sjølv om selskapet sine kostnadar er tilsynelatande uendra.
- Det må koste pengar for kommunane å bruke overtid. Når vikarane jobbar mykje overtid, går sjukemeldingane opp, hevder Janiec.
Vidare hevdar han at overtidsarbeid i ein periode kosta selskapet dyrt i form av sjukemeldingar og tapte arbeidsinntekter. Ifølgje Janiec sette selskapet derfor opp prisen og overtidsbruken gjekk ned.
AVHENGIGE AV VIKARBYRÅ
Kommune-Noreg blir stadig meir avhengig av private bemanningsbyrå for å ha nok helsepersonell. Ei kartlegging fr�
Gå til medietSkilnaden mellom lønna til sjukepleiaren og prisen kommunen betaler er på opp til fleire hundre kroner. Trekk ein frå utgifter til sosiale avgifter, reise og bustad, går resten av pengane til Kooperativ Bemanning.