Problembarna er difor ei høgst aktuell og relevant bok som dannar grunnlag for viktige refleksjonar kring denne debatten. Bruken av manualiserte og prosedyreorienterte framgangsmåtar for profesjonelt arbeid med barn og unge brer om seg, og har det siste tiåret blitt innført i nærast alle delar av helse-, sosial- og utdanningsfeltet. Boka gjer dette faktum til gjenstand for kritisk debatt, med to klårt uttalte målsetjingar. Den eine er å utvikle kunnskap om programma gjennom å granske kritisk tekstar som inngår i programma. Den andre er å gjere det mogeleg for profesjonsutøvarar som møter slike program i sin praksis å ta aktivt stilling til om programma er føremålstenlege og i tråd med det som er utdanningsinstitusjonar og velferdstenesters eigentlege føremål og oppgåver.
BOKA ER SETT SAMAN av 14 kapittel. Det første kapittelet er eit introduksjonskapittel skriven av redaktørane. Dei neste ti kapitla tek føre seg kvart sitt program eller metode som så blir presentert og drøfta kritisk. Eit av dei ti kapitla skil seg ut med at det empiriske materialet bygger på etnografisk feltarbeid. Dei ni andre kapitla baserer sine analysar utelukkande på tekstar som skildrar det enkelte program, slik som instruksar og manualar. Dei tre siste kapitla i boka drøftar aktørane og dei politiske prosessane bak innføringa av denne typen program og problematiserer evidenstenkinga på generelt grunnlag.
16 forfattarar bidreg i antologien, av desse er 12 norske, tre danske og ein svensk forskar. Dei er i all hovudsak forskarar innan barnehage- og grunnskulesektoren og brukar døme frå desse fagfelta som utgangspunkt for sine analysar. Berre to av bidraga omhandlar sosialt arbeid eller barnevern.
I introduksjonskapittelet presenterer redaktørane hovudargumenta i den generelle kritikken av manualiserte program og metodar. Desse argumenta dukkar opp att i antologiens enkelte kapittel der dei utvalde programma blir tematiserte og analyserte. Pettersvold og Østrem hevdar mellom anna at rommet for profesjonelt skjøn blir mindre når framgangsmåtar for yrkesutøving blir standardisert på denne måten. Programma blir sett som uttrykk for ei administrativ og fagleg styring av profesjonelle praksisar som verkar til å avgrense profesjonell handlefridom. Dette blir vurdert som spesielt problematisk sidan dei aller fleste av programma også har eit kommersielt aspekt der økonomiske interesser spelar ei viktig rolle. I kapittelet blir det også stilt spørsmålsteikn ved om metodane faktisk har den effekten og verknaden som dei lovar. Redaktørane utfordrar vidare programmas verdimessige fundament. Det blir hevda at vilkåra for barns brukarmedverknad vert svekka og at programma og metodane bygger på eit alt for snevert og individualisert syn på barns normalitet. Eit gjennomgåande poeng, slik eg les dette kapittelet, er at manualbaserte program representerer ein industri som er driven av heilt andre interesser enn dei pedagogiske og faglege.
KAPITTEL 2 er skriven av Ida Holt og Ole Jacob Madsen og handlar om det kognitivt inspirerte sjølvshjelpsverktøyet Psykologisk førstehjelp. Dette er eit program for barn frå åtte år og oppover som blir brukt som allmennførebyggande tiltak i barnehage, helsestasjon og skule. Programmet inneheld eit sjølvhjelpsskrin med ulike reiskapar som skal gjere det lettare for barn å handtere psykologiske utfordringar i livet. Forfattarane gjennomfører ei diskursanalyse av språket som blir brukt i skrinets arbeidshefte, der målet er å få fram det normative grunnlaget for programmets teorigrunnlag.
Kapittel tre er skriven av Dag Øystein Nome og handlar om kompetanseutviklingsprogrammet «Være sammen» (VS). Dette er eit opplæringsprogram for tilsette i barnehagen og har som målsetjing å gjere barnehagelærarar betre i stand til å bygge opp gode relasjonar med barn, og slik styrke barns sosiale kompetanse. Programmet er basert på Diana Baumrinds teori om ulike oppdragingsstilar. Nomes påstand er at programmet grunngjev og legitimerer oppdragingsstilar for arbeid med barn gjennom retoriske verkemiddel som blir brukt i teorigrunnlaget og i støttemateriellet for programmet.
Kapittel fire er skriven av Cecile Rønning Haugen og handlar om programmet PALS (Positiv adferd, støttende læringsmiljø og samhandling). Dette er eit program for førebygging av problemåtferd og fremjing av sosial kompetanse hjå elevar mellom 6 og 16 år i skulen. Rønning Haugen analyserer fram det ideologiske grunnlaget for programmet med utgangspunkt i boka som skildrar PALS på norsk, og hevdar i dette kapittelet at programmet bygger på ein nyliberal styringslogikk som bidreg til å gjere norsk skule meir autoritær.
KAPITTEL 5 er skriven av Lars Holm og handlar om det språklege evalueringsprogrammet TRAS (Tidleg registrering av språkutvikling). Ein sentral del av dette programmet er bruken av eit kartleggingsskjema. I kapittelet gjer Holm ein analyse av dette skjemaet som vert brukt i danske barnehagar. Forfattaren er skeptisk til korleis eit slikt skjema kan bidra til å lage eit skilje veldig tidlig mellom kven som har normal språkutvikling og kven som ikkje har det, og at programmet difor representerer ein uheldig normalitetskontroll.
Kapittel seks er skriven av Solveig Botnen Eide og handlar om metoden traumebevisst omsorg (TBO) i forsterheimsomsorga. TBO er ein metode som er utvikla med eit terapeutisk siktemål, og blir brukt i opplæring av fosterforeldre med særleg tanke på at omsorga for fosterbarn må vere informert om desse barnas traumeerfaringar. Med utgangspunkt i analysar av kursmateriell som blir brukt i opplæringa av fosterforeldre identifiserer Botnen Eide kva omsorgsforståingar som pregar metoden. Eit hovudpoeng i kapitlet er å problematisere om denne tilnærminga kan bidra til at fosterheimsom-sorga tapar sin karakter som vanleg omsorg, der forståing og anerkjenning av barns livsverd slik dei erfarer denne sjølv er utgangspunktet. Ei fagleg og behandlingsorientert tilnærming som utelukkande rettar merksemda mot traume kan stå i vegen for denne typen foreldrepraksisar.
Kapittel sju er skriven av Åsa Bartholdson og handlar om det amerikanske programmet Second Step, på norsk Steg for steg, eit manualbasert program for utvikling av sosial og emosjonell kompetanse hjå barn i barnehagen. Basert på det skriftlege materialet og nettsider for programmet gjer forfattaren ei analyse av korleis programmet, som opphavleg er amerikansk, blir tilpassa ein nordisk kontekst. Bartholdson er oppteken av å få fram den manglande kultursensitiviteten som pregar denne oversettinga, og ho hevdar at programmet feilaktig blir framstilt som ei universalløysing på ei heil rekke ulike samfunnsproblem.
KAPITTEL 8 OG 9 handlar om programmet De utrolige årene (DUÅ) og rettar eit kritisk søkelys på innføring av programmet i norske og danske barnehagar. Programmets mål er å fremje positivt samspel mellom vaksne og barn, fremje sosial kompetanse og førebygge utvikling av åtferdsproblem. Det faglege fundamentet er utviklingspsykologiske perspektiv på tilknytning, samt åtferdsanalyse. Solveig Østrem, som er den eine redaktøren av boka, har skrive kapittel åtte. Her gjer Østrem ei an


































































































