Fontene forskning
17.12.2019
Mari Pettersvold og Solveig Østrem er redaktørar for antologien Problembarna.
I denne blir det retta eit kritisk blikk på det som blir omtala som ein «invasjon» av manualbaserte program i barnehage, skule og barnehage. Boka kan lesast som ein oppfølgjar til boka «Mestrer, mestrer ikke: jakten på det normale barnet», som kom ut i 2012. Her problematiserer dei to redaktørane innføringa av kartleggingsreiskapar og standardiserte pedagogiske program i barnehagen. Problembarna vidarefører dette tema, men skriv i større grad fram denne typen manualisering og standardisering som eit samfunnsfenomen og som ein generell tendens som har gjort seg gjeldande innanfor fleire fagfelt og sektorar, som til dømes skule og barnevern. Boka inngår såleis i den mykje omtala evidensdebatten - og tematiserer spørsmålet om kva fagleg forankring og kunnskapssyn profesjonell praksis skal grunngjevast med og forankrast i.
Problembarna er difor ei høgst aktuell og relevant bok som dannar grunnlag for viktige refleksjonar kring denne debatten. Bruken av manualiserte og prosedyreorienterte framgangsmåtar for profesjonelt arbeid med barn og unge brer om seg, og har det siste tiåret blitt innført i nærast alle delar av helse-, sosial- og utdanningsfeltet. Boka gjer dette faktum til gjenstand for kritisk debatt, med to klårt uttalte målsetjingar. Den eine er å utvikle kunnskap om programma gjennom å granske kritisk tekstar som inngår i programma. Den andre er å gjere det mogeleg for profesjonsutøvarar som møter slike program i sin praksis å ta aktivt stilling til om programma er føremålstenlege og i tråd med det som er utdanningsinstitusjonar og velferdstenesters eigentlege føremål og oppgåver.
BOKA ER SETT SAMAN av 14 kapittel. Det første kapittelet er eit introduksjonskapittel skriven av redaktørane. Dei neste ti kapitla tek føre seg kvart sitt program eller metode som så blir presentert og drøfta kritisk. Eit av dei ti kapitla skil seg ut med at det empiriske materialet bygger på etnografisk feltarbeid. Dei ni andre kapitla baserer sine analysar utelukkande på tekstar som skildrar det enkelte program, slik som instruksar og manualar. Dei tre siste kapitla i boka drøftar aktørane og dei politiske prosessane bak innføringa av denne typen program og problematiserer evidenstenkinga på generelt grunnlag.
16 forfattarar bidreg i antologien, av desse er 12 norske, tre danske og ein svensk forskar. Dei er i all hovudsak forskarar innan barnehage- og grunnskulesektoren og brukar døme frå desse fagfelta som utgangspunkt for sine analysar. Berre to av bidraga omhandlar sosialt arbeid eller barnevern.
I introduksjonskapittelet presenterer redaktørane hovudargumenta i den generelle
Les opprinnelig artikkelProblembarna er difor ei høgst aktuell og relevant bok som dannar grunnlag for viktige refleksjonar kring denne debatten. Bruken av manualiserte og prosedyreorienterte framgangsmåtar for profesjonelt arbeid med barn og unge brer om seg, og har det siste tiåret blitt innført i nærast alle delar av helse-, sosial- og utdanningsfeltet. Boka gjer dette faktum til gjenstand for kritisk debatt, med to klårt uttalte målsetjingar. Den eine er å utvikle kunnskap om programma gjennom å granske kritisk tekstar som inngår i programma. Den andre er å gjere det mogeleg for profesjonsutøvarar som møter slike program i sin praksis å ta aktivt stilling til om programma er føremålstenlege og i tråd med det som er utdanningsinstitusjonar og velferdstenesters eigentlege føremål og oppgåver.