Norsk Landbruk
08.11.2018
Dårlege gjerde er mange bønder sitt dårlege samvit eller store irritasjon. Ragnar Vikingstad har gjort forretning av å dele kunnskap om gjerding.
Når Dagens Næringsliv neste veke drar i gong ein ny runde med gasellekonferansar over heile landet, viser superenkel forsking at firmaet HT-Gjerde AS kvalifiserer som ei gaselle i norsk næringsliv.
Det første året omsette bedrifta for 1,2 millionar kroner, etter at dei fekk ein kontrakt om å sette opp ei mil med gjerde for Karmøy kommune. I løpet av dei tre neste åra vaks omsetninga til fire millionar, 12 millionar og i fjor omsette HT-Gjerde AS for 25 millionar kroner. Nå kan bedrifta, med base på Torvestad på Karmøy, krysse av alle boksane som kvalifiserer til ei gasellebedrift.
- Det heile starta med at eg måtte ha noko å drive med etter at eg selde garden,