AddToAny

Ei Borg med stoisk ro

Ei Borg med stoisk ro
Kven er kvinna med det store hjartet for NTNU? Og korleis vil den første kvinnelege rektoren styre Noregs største universitet? Khrono har leita etter svar hjå hovudpersonen sjølv.
Trondheim (Khrono): Musikkglad. Spesielt klassisk og jazz. Klarinett- og pianospelande. Einebarn. Fysikar. Snaustrinda Spelemannslag. Synkrotronlys. Skiturar. Villbringebær. Lyttande. Sjølvstendig.

Alle desse orda betyr noko for og er med på å beskrive Trondheims-rektoren frå Hønefoss, Anne Borg.

Det siste ordet er hennar mann, seksjonsleiar ved St. Olavs Hospital Tor Åsmund Evjen, si beskriving av kona, fortel ho. Og når ho reflekterer kring det, så ligg mykje av dette i hennar doktorand-rettleiar Ola Hunderi sine hender.

- Då NTNU utvikla dette mentorprogrammet for kvinner, tenkte eg aldri at eg ville melde meg på det. Etter å ha tenkt over det, innsåg eg at det måtte vere fordi eg hadde ein så god rettleiar i Ola. Han var mykje oppteken, og difor skapte han sjølvstende i meg, seier Borg.

Notatar

Vi møter den framleis relativt ferske, nytilsette rektoren i eit møterom, i det som elles er eit rektorat som sit i opent landsskap, i Hovudbygget på Gløshaugen. Ho har med seg ei notatblokk som ho tidvis gløttar inni og ein ser at ho har fleire sider med tekst som ho vil formidle. Spesielt to ord har rissa seg fast som særs viktige.

Men det får vi kome attende til. Målet mitt er jo å bli kjend med Anne Borg og hennar drivkraft. Kvifor ho har «valt vekk» faget sitt, der ho er leiande i sitt felt i Noreg, til fordel for ei leiarstilling. Og det, lausrive frå talepunkt og det som kanskje er det mest «korrekte» å seie.

- Eg sa det også då eg byrja som konstituert rektor: Eg har eit stort hjarte for NTNU. Dette universitetet har eit viktig samfunnsoppdrag og det er ein flott institusjon eg vil bidra til å vidareutvikle. Det er eit privilegium å få vere rektor her, seier Borg og eg forstår med eitt at det ikkje vil bli så enkelt å rive ho laus frå notatane.

- Men samfunnsoppdraget kunne ein jo ha bidrege til like mykje som forskar, så eg forstår framleis ikkje heilt kvifor og kvar drivkrafta di til å stå i rektorjobben kjem frå?

- Nei, det er viktig å seie at dei som verkeleg vidareutviklar NTNU er kvar og ein tilsett, og det dei gjer kvar einaste dag. Rektor får ikkje gjort noko på eiga hand. Eg fekk denne moglegheita, og tok den. Hadde nokon spurt meg for 10 år sidan om eg kunne tenke meg å bli rektor, ville eg sagt at det er ei for stor oppgåve. Men ein utviklar seg over tid og no har eg teke på meg denne oppgåva, seier Borg.

Opprykk

Anne Borg har kjent Noregs tekniske høgskule (NTH) og deretter NTNU i 43 år. Som student, stipendiat, forskar, undervisar, prodekan, dekan, prorektor og no rektor.

I 1977 kom ho flyttande for å starte på sivilingeniørutdanninga i teknisk fysikk. Eit fag ho verkeleg fekk augene opp for gjennom sin dyktige og inspirerande fysikklærar på gymnaset i Hønefoss. Ho heldt fram, og tok seinare ei doktorgrad. Berre med nokre små, korte opphald har ho vore u

Les mer

Flere saker fra Khrono

Hvor lett skal vi gjøre det for KI-generasjonen, spør student. Har vi ikke universiteter for å oppdra individer som kan undersøke, skrive og tenke selv, istedenfor å leke gjetteleken med informasjon fra ChatGPT?
Khrono 28.09.2023
Regjeringen vil ha mindre detaljstyring. Prosessen startet i sommer, og fortsetter nå.
Khrono 28.09.2023
Over en tredel av studentene ved fagskolene har ikke opplevd at representanter fra arbeidslivet har bidratt i utdanninga hittil i studiet, viser Studiebarometeret for fagskolestudenter.
Khrono 28.09.2023
Han framsto som en usedvanlig dyktig søker da han søkte jobb hos Universitet i Bergen. Nå vil universitetet be redelighetsutvalget se på covid-19-artiklene han publiserte mens han var ansatt.
Khrono 28.09.2023
Leder av sykepleieforbundets studentorganisasjon mener universitets- og høgskoleloven i for liten grad ivaretar studenter og deres rettigheter.
Khrono 27.09.2023

Nyhetsbrev

Lag ditt eget nyhetsbrev:

magazines-image

Mer om mediene i Fagpressen

advokatbladet agenda-316 allergi-i-praksis appell arbeidsmanden arkitektnytt arkitektur-n astmaallergi automatisering baker-og-konditor barnehageno batmagasinet bedre-skole bioingenioren bistandsaktuelt blikkenslageren bobilverden bok-og-bibliotek bondebladet buskap byggfakta dagligvarehandelen demens-alderspsykiatri den-norske-tannlegeforenings-tidende diabetes diabetesforum din-horsel energiteknikk fagbladet farmasiliv finansfokus fjell-og-vidde fontene fontene-forskning forskerforum forskningno forskningsetikk forste-steg fotterapeuten fri-tanke frifagbevegelse fysioterapeuten gravplassen handikapnytt helsefagarbeideren hk-nytt hold-pusten HRRnett hus-bolig i-skolen jakt-fiske journalisten juristkontakt khrono kilden-kjonnsforskningno kjokkenskriveren kjottbransjen kommunal-rapport Kontekst lo-aktuelt lo-finans lo-ingenior magasinet-for-fagorganiserte magma medier24 museumsnytt natur-miljo nbs-nytt nettverk nff-magasinet njf-magasinet nnn-arbeideren norsk-landbruk norsk-skogbruk ntl-magasinet optikeren parat parat-stat politiforum posthornet psykisk-helse religionerno ren-mat samferdsel seilmagasinet seniorpolitikkno sikkerhet skog skolelederen sykepleien synkron tannhelsesekreteren Tidsskrift for Norsk psykologforening traktor transit-magasin transportarbeideren uniforum universitetsavisa utdanning vare-veger vvs-aktuelt