AddToAny

- Ei av dei vanskelegaste avgjerdene eg har teke

Det seier Knut Skansen i Oslo om det å stenga Legatum Publishing ute frå Deichman Bjørvika. For første gong kommenterer han også dei siste dagars skuldingar om feigskap og ettergjeving for politisk press.
- Lars Helle i Dagbladet skriv på leiarplass at «Avslaget kan lett framstå som en nødløsning for å unngå bråk». Er det det?

- Nei, dette er ikkje noko naudløysing, men ei avveging av interessene til ulike brukarar av biblioteket, seier Knut Skansen.

I eit stort bibliotek som Deichman Bjørvika vil det vera anslagsvis 1000 til 1100 menneske på den tida lanseringa av Renaud Camus si bok Dere skal ikke erstatte oss! var planlagt, forklarar han.

- Legatum sitt lukka arrangement ville hatt plass til 24 menneske, og sikkerheitsoppbodet for arrangementet ville blitt så omfattande at fleirtalet av brukarane ikkje ville fått brukt biblioteket etter hensikta, seier Skansen.

- Magne Lerø i Samtiden går langt i å antyda at du har gjeve etter for politisk press frå kulturbyråd Omar Samy Gamal (SV). Kva har du å seia til det?

- Dette er biblioteksjefen si eiga vurdering, og eg har ikkje teke denne avgjera på basis av meiningsinnhaldet som Legatum og Renaud Camus står for. Eg har teke den kun på bakgrunn av interesseavveginga for brukarane denne dagen. At byråden meiner noko politisk er openbart hans rolle og noko han kan og pliktar å gjera. Men det er ikkje noko som kan eller bør påverka ein biblioteksjef si avgjer.

- Har det på noko som helst tidspunkt vore kontakt mellom deg og Gamal om denne saka?

- Det ønskjer eg ikkje å kommentera.

Vil ha betre rutinar i bransjen

- Kva synest du sjølv om måten de i leiinga i Deichman har administrert saka?

- Det er ei av dei vanskelegaste avgjerdene eg har teke som biblioteksjef i Deichman, først og fremst fordi kombinasjonen av sikkerheitsvurderingar og interesseavvegingar er veldig vanskeleg.

- Korleis er prosessen, blir slike avgjerder tekne av ei gruppe eller av deg åleine?

- Det er til sjuande og sist meg som tek avgjerda. Men i denne saka har vi hatt tre møter med politiet om tryggingssituasjonen og med alle relevante medarbeidarar med ansvar for sikkerheit og publikumstenestene i Deichman. Eg har lytta til alle dei ulike instansane i biblioteket som vil ha synspunkt rundt det å ivareta normal bibliotekdrift.

- Meiner du framleis at det var ei riktig avgjerd?

- Denne saka viser at biblioteksektoren bør etablera betre prosedyrar og rutinar og ta ein diskusjon rundt korleis vi vurderer møter i bibliote

Les mer

Flere saker fra Bok og bibliotek

For 16. år på rad gir Fritt ord tilskudd til litteraturformidling i bibliotek. 76 bibliotek søkte, og 40 av dem får støtte til arrangementer om norsk sakprosa.
Bok og bibliotek 21.09.2023
Norsk Bibliotekforening blir ikkje med på den internasjonale bibliotekkongressen til neste år, og oppmodar andre norske medlemer til også å droppa deltaking.
Bok og bibliotek 15.09.2023
Fra og med 2026 bevilger regjeringen i nabolandet vårt til 433 millioner SEK per år for å sikre at alle elever har tilgang til bemannede skolebibliotek.
Bok og bibliotek 15.09.2023
Første episode i sesong tre av Podkasten Bok & bibliotek er ein scenesamtale frå Kulturytring 2023 om kvardagsmakt i bibliotek, arkiv og museum.
Bok og bibliotek 15.09.2023
Kunst, herunder litteratur, skal ikke være nyttig. Kunsten skal være grenseoverskridende, rebelsk, frigjørende, oppskakende. På sitt beste tar den fra deg nattesøvnen.
Bok og bibliotek 05.09.2023

Nyhetsbrev

Lag ditt eget nyhetsbrev:

magazines-image

Mer om mediene i Fagpressen

advokatbladet agenda-316 allergi-i-praksis appell arbeidsmanden arkitektnytt arkitektur-n astmaallergi automatisering baker-og-konditor barnehageno batmagasinet bedre-skole bioingenioren bistandsaktuelt blikkenslageren bobilverden bok-og-bibliotek bondebladet buskap byggfakta dagligvarehandelen demens-alderspsykiatri den-norske-tannlegeforenings-tidende diabetes diabetesforum din-horsel energiteknikk fagbladet farmasiliv finansfokus fjell-og-vidde fontene fontene-forskning forskerforum forskningno forskningsetikk forste-steg fotterapeuten fri-tanke frifagbevegelse fysioterapeuten gravplassen handikapnytt helsefagarbeideren hk-nytt hold-pusten HRRnett hus-bolig i-skolen jakt-fiske journalisten juristkontakt khrono kilden-kjonnsforskningno kjokkenskriveren kjottbransjen kommunal-rapport Kontekst lo-aktuelt lo-finans lo-ingenior magasinet-for-fagorganiserte magma medier24 museumsnytt natur-miljo nbs-nytt nettverk nff-magasinet njf-magasinet nnn-arbeideren norsk-landbruk norsk-skogbruk ntl-magasinet optikeren parat parat-stat politiforum posthornet psykisk-helse religionerno ren-mat samferdsel seilmagasinet seniorpolitikkno sikkerhet skog skolelederen sykepleien synkron tannhelsesekreteren Tidsskrift for Norsk psykologforening traktor transit-magasin transportarbeideren uniforum universitetsavisa utdanning vare-veger vvs-aktuelt