Fri tanke
16.08.2021
Å jobbe med døyande pasientar har gjort Benedikte Nyborg Mæland (35) meir oppteken av å leve.
I tre år var sosionom Benedikte Nyborg Mæland del av palliativt team ved Nordlandssykehuset. Då var jobben hennar å vere saman med menneske som hadde fått dødsbodskapen o deira pårørande.
Ho opplevde at mange reagerte med å dytte døden bort. Dei spurte seg: «Men kva viss eg er ein av dei eg har lese om? Ein av dei som overlever?»
«Skulle eg ha eit mål i livet, måtte det vere å bli mett av dage.»
- Eg trur at det handlar mykje om at vi ikkje ønskjer å forlate det vi kjenner og veit. Her har vi kanskje venner, familie og planar for framtida. Men kva skjer når eg døyr, kvar blir eg av? Gjer det vondt? Har eg ikkje ei konkret tru som lovar grønare gras på andre sida, har eg ingen fasit.
Å STARTE EIN SAMTALE
Ein del av jobben i palliativt team var å tematisere døden, både for den døyande og for pårørande. Mange må ta stilling til ting som testamente og korleis dei skal gravleggast. Og ikkje alle ønskjer å snakke om det.
- For mange pårørande er dette kjempevanskeleg. Kanskje kjennest det litt frekt å ta det opp. Mange blir usikre på korleis dei skal vere. Då kan palliativt team hjelpe til med å få dialogen i gang.
Ho trur det ville hjelpe om døden tidlegare vart ein del av livet: at vi snakka om døden i periodar av livet når han ikkje k
Gå til medietHo opplevde at mange reagerte med å dytte døden bort. Dei spurte seg: «Men kva viss eg er ein av dei eg har lese om? Ein av dei som overlever?»