AddToAny

- Eg har lært noko nytt kvar einaste dag som rektor

- Eg har lært noko nytt kvar einaste dag som rektor
Etter åtte år som rektor ved Universitetet i Oslo, begynner Ole Petter Ottersen denne veka som rektor ved Karolinska Institutet i Stockholm. No skal han leia arbeidet med å gjenoppretta omdømmet til Karolinska etter Macchiarini-skandalen.
OVERRASKA: - Eg er blitt overraska over resultata til UiO I innovasjon. Dei overgår dei ambisjonane eg hadde, seier Ole Petter Ottersen. Denne veka avsluttar han rektorjobben ved UiO og startar rektorjobben ved Karolinska Institutet.

Foto: Ola Sæther

Det siste intervjuet med Ole Petter Ottersen som rektor ved Universitetet i Oslo, skjer på det gamle kollegierommet i Urbygningen i sentrum. Sjølv om lokala er formelle og høgtidelege er det ein svært uformelt kledd avgåande rektor som tar i mot Uniforum. Blå kortbukse og kvit t-skjorte.

- Akkurat no prøver eg å skriva på svensk. Planen er å skriva ein blogg som rektor ved Karolinska også, på same måten som eg har gjort det ved UiO. Sjølv om svensk og norsk er like språk, er det ikkje like lett å skriva på svensk, synest Ole Petter Ottersen.

I åtte år har han vore rektor ved Universitetet i Oslo. Før det hadde han vore leiar for eit senter for framifrå forsking, vore prodekan på Det medinske fakultetet og ein internasjonalt prislønna hjerneforskar. Han vedgår at det blir spesielt å forlata UiO.

-Ja, det er rart. Det har jo vore ein viktig del av mitt liv i så mange år. Og når ein er rektor ved UiO så må ein jo vera det med hud og hår, og då blir heile UiO ein slags storfamilie, slik eg også sa i talen min under rektorinaugurasjonen i juni. Derfor blir det spesielt å forlata UiO og Oslo. Men det er ei tid for alt.

- Er det noko du vil sakna meir enn andre ting?

- Noko av det eg har gledd meg over her, vil eg sikkert gleda meg over ved Karolinska også. Det er jo eit høgt rangert universitet, sjølvsagt med litt mindre fagleg breidde enn det me har her. Det er ikkje slik at arbeidsdagen min blir veldig forskjellig. For eg vil framleis treffa studentar, noko eg har hatt stor glede av dei åra eg har sete som rektor ved UiO. Dei er både samfunnsengasjerte, framtidsretta og dei har mange gode initiativ. Derfor er dei ein god ressurs for universitetet. I det siste blogginnlegget mitt har eg tenkt gjennom desse tinga, og eg har kome fram til at samarbeidet med studentane har vore svært sentralt.

- Dessutan vil eg sakna alle dei tilsette. Eg føler at me heile tida har hatt dei same måla og dei same verdiane. Det har vore gledeleg ved UiO. Oppslutnaden om Akademisk dugnad er eit godt døme på dette. Me har hatt stor semje om kva eit universitet skal vera og kva det skal kjempa for, konstaterer han, før han tar ein liten kunstpause og held fram med det temaet han truleg har vore mest engasjert i.

- Då kjem me jo inn på akademisk fridom. Det er viktig og det har også vore viktigå signalisera tydeleg at ein ikkje må blanda det å ta stilling til enkeltsaker og det å hevda og forsvara eit individ si

Les mer

Flere saker fra Uniforum

Regjeringen er opptatt av å gi universitetene og høyskolene gode rammer til å forme lærerutdanningene. Nå skal en ny ekspertgruppe se nærmere på hvordan styringen kan bli mer overordnet.
Uniforum 28.09.2023
Universitetet i Oslo faller på den siste rangeringen til Times Higher Education. Samtidig går det oppover med NTNU, melder Khrono. I fjor ble UiO rangert som Nordens sjette beste universitet, men i år faller det ned til åttendeplass.
Uniforum 27.09.2023
- Politikk er skeivt fordelt. Men i eit liberalt demokrati kan me ikkje forby nokon å påverka. Å ha eit lobbyregister kunna vera eit sunt steg, foreslår statsvitskapsprofessor Sirianne Dahlum.
Uniforum 27.09.2023
Vibeke Roggen rakk så vidt å sikre seg tittelen professor i latin før hun gikk av med pensjon.
Uniforum 27.09.2023
Risikovurderingen er unnagjort. Mandatet for utredningen er nesten ferdig. Alt burde egentlig ligge til rette for en god prosess videre. Men noe har dukket opp.
Uniforum 26.09.2023

Nyhetsbrev

Lag ditt eget nyhetsbrev:

magazines-image

Mer om mediene i Fagpressen

advokatbladet agenda-316 allergi-i-praksis appell arbeidsmanden arkitektnytt arkitektur-n astmaallergi automatisering baker-og-konditor barnehageno batmagasinet bedre-skole bioingenioren bistandsaktuelt blikkenslageren bobilverden bok-og-bibliotek bondebladet buskap byggfakta dagligvarehandelen demens-alderspsykiatri den-norske-tannlegeforenings-tidende diabetes diabetesforum din-horsel energiteknikk fagbladet farmasiliv finansfokus fjell-og-vidde fontene fontene-forskning forskerforum forskningno forskningsetikk forste-steg fotterapeuten fri-tanke frifagbevegelse fysioterapeuten gravplassen handikapnytt helsefagarbeideren hk-nytt hold-pusten HRRnett hus-bolig i-skolen jakt-fiske journalisten juristkontakt khrono kilden-kjonnsforskningno kjokkenskriveren kjottbransjen kommunal-rapport Kontekst lo-aktuelt lo-finans lo-ingenior magasinet-for-fagorganiserte magma medier24 museumsnytt natur-miljo nbs-nytt nettverk nff-magasinet njf-magasinet nnn-arbeideren norsk-landbruk norsk-skogbruk ntl-magasinet optikeren parat parat-stat politiforum posthornet psykisk-helse religionerno ren-mat samferdsel seilmagasinet seniorpolitikkno sikkerhet skog skolelederen sykepleien synkron tannhelsesekreteren Tidsskrift for Norsk psykologforening traktor transit-magasin transportarbeideren uniforum universitetsavisa utdanning vare-veger vvs-aktuelt