Fri tanke
25.01.2021
Kvar gong Isak unnskylda seg, løfta terapeuten ein finger. Det vart byrjinga på vegen ut av rusen.
Han var ni år då han rusa seg for første gong. Då han var 14, begynte han med amfetamin.
- Far min var på amfetaminkjøret og vaken 24 timar i døgnet. Viss eg skulle ha sjanse til å omgåast han, måtte eg òg gå på amfetamin, fortel Isak (51), som ikkje ønskjer etternamnet sitt på trykk.
Han vaks opp i eit hippiemiljø i Slottsparken i Oslo. Faren hadde reist sin veg då han var liten, og etterkvart ønska han å finne han. Han følte at noko mangla.
TUNG HEROINBRUKAR
Då han endeleg fann faren, kom han inn i eit miljø med tung rus, narkotikahandel, prostitusjon, overgrep, valdtekter og skyting.
- Dette var far min midt oppe i, og eg opplevde det også gjennom han.
I midten av 20-åra var Isak tung heroinbrukar. Men han klarte å slutte, både med heroin og amfetamin. Han flytta til Sverige, der han kom inn i eit miljø med dataprogrammerarar og kreative menneske. Han var også med på å overføre ishockeyspelarar frå Noreg til eliteserien i Sverige. Endeleg fekk han bruke sine eigne ressursar.
- Eg hadde ei framdrift. Eg ønska å fikse på livet mitt, og det vart lagt merke til. Eg fekk ein sjanse, seier han.
Men så fekk han tilbakefall. Han begynte på amfetamin igjen. I dag tenkjer han at han var sårbar fordi han mangla ein viktig nøkkel, nemleg språket.
INNOvER OG UTOvER
Isak hadde alltid hatt folk rundt seg
Gå til mediet- Far min var på amfetaminkjøret og vaken 24 timar i døgnet. Viss eg skulle ha sjanse til å omgåast han, måtte eg òg gå på amfetamin, fortel Isak (51), som ikkje ønskjer etternamnet sitt på trykk.