BEKLAGELEG: - Eg meiner det er sterkt beklageleg at UiO har gått til stenging av klinikken. Det har ikkje vore noka alvorleg hending der, seier klinikksjef og professor Siri Erika Gullestad ved Psykologisk institutt på UiO.
Det var tysdag ettermiddag universitetsleiinga bestemte seg for å stengja klinikken ved Psykologisk institutt. Grunngjevinga var at ting tyder på at drifta ikkje er i samsvar med gjeldande lovverk. Dette kom fram i samband med arbeidet med å innleia eit samarbeid med Lovisenberg diakonale sykehus om klinikkdrift, heiter det i ei pressemelding frå Universitetet i Oslo.
* UiO stenger klinikken ved Psykologisk institutt
Derfor har universitetsleiinga bede om ei grundig juridisk vurdering av alle sider av klinikkdrifta ved Psykologisk institutt, og internrevisjonen ved UiO er også varsla om saka, heiter det i pressemeldinga.
- Inga alvorleg hending
Klinikkleiar og professor Siri Erika Gullestad ved Psykologisk institutt ristar på hovudet over a


































































































