Khrono
08.03.2023
8.mars er ein god dag for statsråd Ola Borten Moe å ta ansvar og eit oppgjer med seksuell trakassering, skriv redaktør Tove Lie.
To år etter metoo, i 2019, tok omsider universitet og høgskular initiativet til ei kartlegging av mobbing og seksuell trakassering blant sine tilsette. Resultata rysta mange.
Les merDen gongen rapporterte 18 personar ved institusjonane om at dei hadde blitt valdtekne siste året. Ytterlegare 35 vaksne tilsette sa at dei hadde opplevd ting som likna på overgrep. 1,6 prosent - som vil tilsvare om lag 800 av rundt 50.000 tilsette totalt, svarte at dei hadde opplevd mobbing og trakassering.
Dåverande statsråd for forsking og høgare utdanning, Iselin Nybø (V) var klar i talen sin:
- Dette er alvorlege tal. Slik kan vi ikkje ha det i sektoren. Dette er handlingar som strid mot både normal folkeskikk og norsk lov. Mobbing og trakassering er forbode. Å tvinge seg til seksuell omgang med nokon er forbode og heilt uakseptabelt, sa Nybø på pressekonferansen der tala blei lagt fram.


































































































