- Det har vore eit vanskeleg år
Uniforum møter Svein Stølen og Åse Gornitzka på rektorkontoret i 9. etasje i Lucy Smiths hus. Begge er sjokkerte over det som har skjedd i Ukraina etter Russland invasjon den 24. februar.
- Det har vore eit vanskeleg år. Eg tenkjer at Noreg og heile Noregs befolkning er prega av at Europa er i krig. Det er hovudsoppsummeringa av året. Det er noko som pregar heile samfunnet, også universitetssektoren. Den 24. februar og oppfylginga vidare er noko av det viktigaste me gjer. Det var jo sånn at me forventa at det ville koma mange både akademikarar, studentar og flyktningar i relativt store tal til Noreg og Oslo. Det har for så vidt ikkje skjedd, men me vil gjera vårt, lovar Svein Stølen.
Han vil også nytta seg av høvet til å takka alle dei tilsette og studentane på UiO for innsatsen i 2022.
- Først under ein krevjande pandemi, og så ein krig som påverkar oss alle. Det gjer noko med geopolitikken, energiprisen og heile samfunnet, understrekar han.
- Det er viktig at me ikkje blir makteslause
Prorektor Åse Gornitzka sluttar seg til vurderinga til UiO-rektoren.
- Eg trur også at krigen i Ukraina er som eit vegskilje for Europa. At me ikkje føler oss heilt makteslause, sjølv om det er så mykje nærare oss og røyndomen vår. Det er viktig at me ikkje blir makteslause, men kan vera med og gjera noko konkret for å hjelpa til med den kritiske situasjonen som oppstod. Det handlar også om å sjå framover og korleis universitet kan vera med heile vegen i Ukraina,understrekar Gornitzka.
Kommentaren får Stølen til å nikka, og seia seg einig.
- Det er viktig at me ikkje føler oss makteslause, men me må heller ikkje gå inn i ei boble der alt i Noreg er


































































































