AddToAny

Dekankandidatane på HF: - Økonomistyring blir viktig

Dekankandidatane på HF: - Økonomistyring blir viktig
Det er viktig å finna ut kvifor økonomien ved Institutt for filosofi, -idé- og kunsthistorie og klassiske språk (IFIKK) kom ut av kontroll, slik at det ikkje skjer igjen.
Det var dei to dekankandidatane på HF, Arne Bugge Amundsen og Frode Helland einige om i valdebatten torsdag ettermiddag.

DEBATTERTE HFs FRAMTID: Dekankandidat Frode Helland, Hellands prodekankandidat Mathilde Skoie, sitjande dekan og dekankandidat Arne Bugge Amundsen og Amundsens prodekan for internasjonalisering og samfunnskontakt, Ragnhild Zorgati debatterte HFs framtid og lagnad på valdebatten torsdag ettermiddag.

Foto: Ola Sæther

Mellom 130 og 150 personar kom til Auditorum 7 i Eilert Sundts hus for å få med seg den offisielle valdebatten mellom dekankandidatane Arne Bugge Amundsen og Frode Helland på Det humanistiske fakultetet ved UiO. Valet begynner den 28. oktober og held fram til og med den 2. november.

- Eit betimeleg spørsmål

Det var i spørjerunden etter den første innleiinga til dekankandidatane, instituttleiar Bjørn Olav Utvik ved Institutt for kulturstudiar og orientalske språk, ville vita kva kandidatane ville gjera med økonomistyringa på institutta. Han viste til Uniforums oppslag om underskotet på IFIKK, som dekan Arne Bugge Amundsen har føreslått skal dekkjast av eit tilskott frå fakultetet.

- Det er eit betimeleg spørsmål, svarte Arne Bugge Amundsen.

- Me har no sett ned ein ekstern komité som skal sjå på forholdet mellom institutt og fakultet. Det har skjedd store endringar dei siste åra. 60 millionar kroner blei borte over natta. HF har hatt styringsdialog med institutta og me må ta ut læringspotensialet i dette. Dessutan vil det også bli tatt opp i samtalar mellom universitetsleiinga og fakulteta. Då vil det vera aktuelt å finna ut om det har skjedd ei forskuving av finansiering frå dei «tørre» til dei «våte» fakulteta over tid, sa Arne Bugge Amundsen.

- Systemisk gale

Motkandidaten hans, Frode Helland var einig i det som den sitjande dekanen, Arne Bugge Amundsen la fram.

- Openbert kompleks historie og situasjon. Det som har skjedd med IFIKKs økonomi er noko systemisk gale. Me må finna ut kva som har hendt. Det me veit er at det var det første instituttet som fekk eit senter for framifrå forsking. Sidan den gongen har me fått to til. Derfor må me finna tiltak for å hindra at dette hender på nytt. Det kan hende at det går betre raskare enn me trur, eller omvendt. Ingen av oss går til val med omkamp som motiv. Økonomistyring blir uansett ei av dei viktigaste sakene, slo Frode Helland fast.

- Skal merka at dei blir lytta til

Han fekk også spørsmål om kva han vil endra, dersom han blir valt til dekan. - Me skal ikkje revolusjonera og snu alt opp ned på fakultetet. Folk vil derimot merka ein annan leiarstil. Alle skal merka at dei blir lytta til. Dessutan

Les mer

Flere saker fra Uniforum

Regjeringen er opptatt av å gi universitetene og høyskolene gode rammer til å forme lærerutdanningene. Nå skal en ny ekspertgruppe se nærmere på hvordan styringen kan bli mer overordnet.
Uniforum 28.09.2023
Universitetet i Oslo faller på den siste rangeringen til Times Higher Education. Samtidig går det oppover med NTNU, melder Khrono. I fjor ble UiO rangert som Nordens sjette beste universitet, men i år faller det ned til åttendeplass.
Uniforum 27.09.2023
- Politikk er skeivt fordelt. Men i eit liberalt demokrati kan me ikkje forby nokon å påverka. Å ha eit lobbyregister kunna vera eit sunt steg, foreslår statsvitskapsprofessor Sirianne Dahlum.
Uniforum 27.09.2023
Vibeke Roggen rakk så vidt å sikre seg tittelen professor i latin før hun gikk av med pensjon.
Uniforum 27.09.2023
Risikovurderingen er unnagjort. Mandatet for utredningen er nesten ferdig. Alt burde egentlig ligge til rette for en god prosess videre. Men noe har dukket opp.
Uniforum 26.09.2023

Nyhetsbrev

Lag ditt eget nyhetsbrev:

magazines-image

Mer om mediene i Fagpressen

advokatbladet agenda-316 allergi-i-praksis appell arbeidsmanden arkitektnytt arkitektur-n astmaallergi automatisering baker-og-konditor barnehageno batmagasinet bedre-skole bioingenioren bistandsaktuelt blikkenslageren bobilverden bok-og-bibliotek bondebladet buskap byggfakta dagligvarehandelen demens-alderspsykiatri den-norske-tannlegeforenings-tidende diabetes diabetesforum din-horsel energiteknikk fagbladet farmasiliv finansfokus fjell-og-vidde fontene fontene-forskning forskerforum forskningno forskningsetikk forste-steg fotterapeuten fri-tanke frifagbevegelse fysioterapeuten gravplassen handikapnytt helsefagarbeideren hk-nytt hold-pusten HRRnett hus-bolig i-skolen jakt-fiske journalisten juristkontakt khrono kilden-kjonnsforskningno kjokkenskriveren kjottbransjen kommunal-rapport Kontekst lo-aktuelt lo-finans lo-ingenior magasinet-for-fagorganiserte magma medier24 museumsnytt natur-miljo nbs-nytt nettverk nff-magasinet njf-magasinet nnn-arbeideren norsk-landbruk norsk-skogbruk ntl-magasinet optikeren parat parat-stat politiforum posthornet psykisk-helse religionerno ren-mat samferdsel seilmagasinet seniorpolitikkno sikkerhet skog skolelederen sykepleien synkron tannhelsesekreteren Tidsskrift for Norsk psykologforening traktor transit-magasin transportarbeideren uniforum universitetsavisa utdanning vare-veger vvs-aktuelt