AddToAny

Dei lovar betre IT-tenester for forsking og utdanning på UiO

IT-tenestene for både forsking og utdanning skal bli betre. Det lovar UV-dekan Sten Ludvigsen og IT-direktør Lars Oftedal vil skje etter at tiltaka i masterplanen for IT er sette i verk.
Onsdag 19. juni skal oppfylginga av framlegga i masterplanen for universitetet sin IT handsamast i universitetstyret. Arbeidsgruppa som leverte rapporten sin til UiO-leiinga tidleg i april, rådde mellom anna til at USIT (Universitetets senter for informasjonsteknologi) og lokal IT skal slåast saman til ein felles organisasjon.

Den gruppa blei leia av UV-dekan Sten Ludvigsen. IT-direktør Lars Oftedal, som var med i sekretariatet til arbeidsgruppa, stiller seg bak eit vidare utarbeidd forslag frå universitetsdirektøren som han ber styret om å vedta.

- Eg støttar framlegget frå universitetsdirektøren om at me startar eit prosjekt for å sjå på korleis me skal organisera IT ved UiO for å støtta opp om det behovet masterplanen for IT peikar på, betre fagnær IT-støtte til forsking, og utdanning og optimalisering (best mogleg utnytting/red.merknad) av dei IT-ressursane UiO brukar på grunnleggjande IT-tenester. Det er viktig med ein sterk IT-organisasjon. Nokre les det som sentralisering, men det er ikkje intensjonen. Me ser det tvert imot som eit tiltak for å betra IT-tenestene for tilsette både i forsking og utdanning på UiO, slår han fast.

Også leiar for arbeidsgruppa, UV-dekan ser dette arbeidet som svært viktig.

- Me har kartlagt bruken av IT-tenestene og sett på om folk er nøgde eller ikkje. Både IT-leveransane og organiseringa av IT på UiO må endrast for å vera klare for dei endringane som kjem utanfrå og innanfrå faga, anten det gjeld effektiviserings- og digitialiseringskrav og nye måtar å bruka IT på, understrekar han overfor Uniforum.

Tilrådingar

Arbeidsgruppa kjem med fleire tilrådingar om korleis IT-arbeidet ved UiO kan bli endå betre i framtida på fylgjande område:

Strategisk innretting av IT-verksemda

IT-kompetanse og utvikling av kunnskap om bruk av IT (ferdighetsutvikling)

Fag/domenenær IT-støtte og plattformer for forsking og utdanning

Koordinerings- og prioriteringsorgan for IT-verksemda ved UiO

Organisering av IT ved UiO

Finansiering av IT ved UiO

Foreslår fleire koordineringsgrupper for IT

I dag skal styret ta stilling til eit forslag frå universitetsdirektør Arne Benjaminsen og

Les mer

Flere saker fra Uniforum

Regjeringen er opptatt av å gi universitetene og høyskolene gode rammer til å forme lærerutdanningene. Nå skal en ny ekspertgruppe se nærmere på hvordan styringen kan bli mer overordnet.
Uniforum 28.09.2023
Universitetet i Oslo faller på den siste rangeringen til Times Higher Education. Samtidig går det oppover med NTNU, melder Khrono. I fjor ble UiO rangert som Nordens sjette beste universitet, men i år faller det ned til åttendeplass.
Uniforum 27.09.2023
- Politikk er skeivt fordelt. Men i eit liberalt demokrati kan me ikkje forby nokon å påverka. Å ha eit lobbyregister kunna vera eit sunt steg, foreslår statsvitskapsprofessor Sirianne Dahlum.
Uniforum 27.09.2023
Vibeke Roggen rakk så vidt å sikre seg tittelen professor i latin før hun gikk av med pensjon.
Uniforum 27.09.2023
Risikovurderingen er unnagjort. Mandatet for utredningen er nesten ferdig. Alt burde egentlig ligge til rette for en god prosess videre. Men noe har dukket opp.
Uniforum 26.09.2023

Nyhetsbrev

Lag ditt eget nyhetsbrev:

magazines-image

Mer om mediene i Fagpressen

advokatbladet agenda-316 allergi-i-praksis appell arbeidsmanden arkitektnytt arkitektur-n astmaallergi automatisering baker-og-konditor barnehageno batmagasinet bedre-skole bioingenioren bistandsaktuelt blikkenslageren bobilverden bok-og-bibliotek bondebladet buskap byggfakta dagligvarehandelen demens-alderspsykiatri den-norske-tannlegeforenings-tidende diabetes diabetesforum din-horsel energiteknikk fagbladet farmasiliv finansfokus fjell-og-vidde fontene fontene-forskning forskerforum forskningno forskningsetikk forste-steg fotterapeuten fri-tanke frifagbevegelse fysioterapeuten gravplassen handikapnytt helsefagarbeideren hk-nytt hold-pusten HRRnett hus-bolig i-skolen jakt-fiske journalisten juristkontakt khrono kilden-kjonnsforskningno kjokkenskriveren kjottbransjen kommunal-rapport Kontekst lo-aktuelt lo-finans lo-ingenior magasinet-for-fagorganiserte magma medier24 museumsnytt natur-miljo nbs-nytt nettverk nff-magasinet njf-magasinet nnn-arbeideren norsk-landbruk norsk-skogbruk ntl-magasinet optikeren parat parat-stat politiforum posthornet psykisk-helse religionerno ren-mat samferdsel seilmagasinet seniorpolitikkno sikkerhet skog skolelederen sykepleien synkron tannhelsesekreteren Tidsskrift for Norsk psykologforening traktor transit-magasin transportarbeideren uniforum universitetsavisa utdanning vare-veger vvs-aktuelt