AddToAny

Då traktorane byrja å legge egg

Då traktorane byrja å legge egg
Inne i rundballane løyner det seg djupe innsikter om norsk jordbruk, lag på lag ligg dei kverva mellom graset og plasten. Historia om rundballepressa er eit klart døme på korleis nye teknologiar kjem inn og skaper nye horisontar for kva som er produksjonsmessig mulig.

Alle har vi sett dei, desse runde ballane i kvit plast som ligg strødde langs jordene i landet vårt. Sjølv dei som knapt rører seg utanfor Grünerløkka eller Nydalen må ha fått med seg «traktoregga» som er stappa med silofôr, om ikkje anna enn som eit vagt minne frå turen heim til ho mor, eller som eit glimt i vindauget susande av garde på flytoget.

Ja, vi har nok alle sett dei, skulle vi tru: dei har blitt ein del av det norske kulturlandskapet. Men ikkje berre det. Inne i rundballane løyner det seg djupe innsikter om norsk jordbruk, lag på lag ligg dei kverva mellom graset og plasten. Utan at me har merka det har traktoregga klekka ut ein stille revolusjon i jordbruket. Og til forskjell frå dei kvite vindmøllene som no skapar stor debatt, har dei kvite rundballane knapt skapa noko debatt medan dei stille og sakte har fylt landskapet.

Betongsiloane blei dyre

Traktorane i Noreg byrja å legge egg omkring starten av 1980 åra. Ein viktig grunn til dette var kostnaden med å halda dei gamle betongsiloane - desse borgliknande grå tårna som spratt opp i landskapet på 1960 og 70-talet. Det vart dyrt å sertifisera siloheisane, og endå dyrare å sørgja for at siloane haldt tett - at ikkje syre rann ut i vassdrag og det som verre er. «Du har sett alle siloane som står rundt i landet? Dei fleste av desse er tome no. Det vart for dyrt å halda dei tette. Det kunne kosta opp mot 120 000 kroner å leggja fiberglas i ein 6 meter silo» . Dette seier ein tidlegare bonde og noverande rundballe-entreprenør.

Det var også mykje arbeid med å leggja gras i silo. Slåtten på ein vanleg gard tok vekevis med fôrhaustar, ein trong ein bråte folk til å jamna i siloen, og helst minst ein pe

Gå til mediet

Flere saker fra Bondebladet

Dersom forslagene Stortinget nylig behandlet blir tatt opp igjen om et halvannet år, kan det være et farvel til egg som distriktsnæring, og markedsreguleringa kan bli svekka for kjøttog korn- og melkebøndene, frykter landbrukstopper.
Bondebladet 16.05.2024
Målprisen på melk økte med 14 prosent fra nivået før 2020-avtalen til 2023-avtalen. Gjennomsnittlig målprisøkning for grønnsaker og frukt økte med nærmere 30 prosent.
Bondebladet 16.05.2024
Sammenligner du referansebruka i krav og tilbud, kan det se ut som om kornbøndene kommer bedre ut med statens tilbud. Det er ikke reelt.
Bondebladet 16.05.2024
Viil Søyland mener tilbudet er et godt bidrag til å nå opptrappingsmålene på inntekt og sjølforsyning.
Bondebladet 16.05.2024
Del dine beste bilder med Bondebladets lesere på Instagram. Velg «Tagg personer» i Instagram, klikk på bildet og legg til bondebladet eller send bildet til redaksjonen@bondebladet.no
Bondebladet 16.05.2024

Nyhetsbrev

Lag ditt eget nyhetsbrev:

magazines-image

Mer om mediene i Fagpressen

advokatbladet agenda-316 allergi-i-praksis appell arbeidsmanden arkitektnytt arkitektur-n astmaallergi automatisering baker-og-konditor barnehageno batmagasinet bedre-skole bioingenioren bistandsaktuelt blikkenslageren bobilverden bok-og-bibliotek bondebladet buskap byggfakta dagligvarehandelen demens-alderspsykiatri den-norske-tannlegeforenings-tidende diabetes diabetesforum din-horsel energiteknikk fagbladet farmasiliv finansfokus fjell-og-vidde fontene fontene-forskning forskerforum forskningno forskningsetikk forste-steg fotterapeuten fri-tanke frifagbevegelse fysioterapeuten gravplassen handikapnytt helsefagarbeideren hk-nytt hold-pusten HRRnett hus-bolig i-skolen jakt-fiske journalisten juristkontakt khrono kilden-kjonnsforskningno kjokkenskriveren kjottbransjen kommunal-rapport Kontekst lo-aktuelt lo-finans lo-ingenior magasinet-for-fagorganiserte magma medier24 museumsnytt natur-miljo nbs-nytt nettverk nff-magasinet njf-magasinet nnn-arbeideren norsk-landbruk norsk-skogbruk ntl-magasinet optikeren parat parat-stat politiforum posthornet psykisk-helse religionerno ren-mat samferdsel seilmagasinet seniorpolitikkno sikkerhet skog skolelederen sykepleien synkron tannhelsesekreteren Tidsskrift for Norsk psykologforening traktor transit-magasin transportarbeideren uniforum universitetsavisa utdanning vare-veger vvs-aktuelt