- Eg vart tilsett ved VID i 2016. Men før det hadde eg jobba 12 år hos Statsforvaltaren. Eg jobba der med tilsyn og kontrollerte vedtak om tvang. Eg såg at det vart gjort tilsyn på sjukeheimar, men ikkje i heimetenesta. Samstundes vart statsforvaltaren kontakta av både heimebuande eldre og av helsepersonell som fortalde at dei som dei skulle hjelpa, ikkje ville ha hjelp. Eg vart nyfiken; var det berre i Hordaland det var få vedtak om tvang i heimetenesta? Eg søkte ei intern stipendiatstilling ved VID, der eg kunne velja tema sjølv.
- Kan du presentera prosjektet ditt i korte trekk?
- Eg samla inn både dei formelle vedtaka som var fatta om tvang knytt til heimetenesta og snakka med helsepersonell om deira erfaringar. Eg ville sjå på både på kva som var dokumentert, kven som fatta vedtak om kva, og på kor brukarane budde - heime eller i omsorgsbustad. I tillegg var eg interessert i kva tiltak som vart sett i gang før helsepersonell brukte tvang, såkalla tillitsskapande tiltak.