Bok og bibliotek
16.02.2023
Programvare med vonde intensjonar lurte seg inn på bibliotekutvikling.no i januar. I meir enn ti dagar hadde det som truleg var ein hackar-bot, tilgang til administrasjonsgrensesnittet. Brukardata kan vera på avvegar.
Nasjonalbiblioteket avdekte onsdag 1. februar urettmessig tilgang til administrasjonsgrensesnittet for bibliotekutvikling.no. Ifølge personvernombod Pål Tvedt ved Nasjonalbiblioteket (NB) skjedde avviket 20. januar. Innbrotet blei oppdaga 1. februar, då ein tilsett såg at det var lagt ut spam på bibliotekutvikling.no.
Les mer- Det er ting som tyder på at det var dette som var intensjonen, seier direktør for IKT ved NB Wilfred Østgulen.
Han har tidlegare arbeidd med IKT i både politiet, Forsvaret og helsevesenet og er tilbakehalden med å seia for mykje om korleis innbrotet gjekk føre seg.
- Jo meir verda veit om korleis vi riggar oss og kva vi gjer, desto enklare er det å skada oss, seier han.
Men NB har meldt frå til Datatilsynet og skrive på eiga nettside at vegen inn gjekk via ein administratorkonto til bibliotekutvikling.no.
Brukarinformasjon
Østgulen minner om at det ofte ikkje er personar som sit og styrer slike åtak. NB seier at innbro