Bok og bibliotek
11.08.2023
Den tidlegare biblioteksjefen i Kviteseid monterte minikamera på bibliotektoalettet og filma gjestene. No er han dømd til eitt og eit halvt år i fengsel. - Eit enormt tillitsbrot, sa han sjølv under rettssaka.
Heile 25 av dei 28 fornærma som politiet har identifisert var born. Det skjulte kameraet vart oppdaga i september i fjor. Biblioteksjefen, som med det same blei fjerna frå stillinga, innrømde å ha montert kameraet, for deretter å ta vare på bileta.
Les merBok & bibliotek besøkte bygda i Vest-Telemark og fortalde om saka i utgåve 1-23.
Kan ha pågått i år
Lokalavisa VTB refererer til siktinga, der det kjem fram at filminga kan ha gått føre seg i meir enn tre og eitt halvt år, frå januar 2019 til 27. september 2022. Filene fr�