Khrono
04.02.2020
Berg-Hansen og Egencia skal selje reiser til 166.000 offentleg tilsette. For første gong har staten stilt krav til funksjonar for bestilling av miljøvennlege reiser.
Sist gong staten sendte ut anbod på reisebyrå for sine tilsette stod prisen i høgsetet. Denne gongen har for første gong funksjonar for bestilling av tog blitt stilt som eit klart krav for å kunne bli tildelt kontrakten.
Les merBerg-Hansen presenterte det dyraste tilbodet i kroner og øre, men trekte likevel det lengste strået i anbodsrunden og er utpeikt som den beste tilbydaren, med Egencia som nummer to.
Vi har hatt integrert bestillingsfunksjonalitet for tog lenge, men i førre runde vart det ikkje lagt nemneverdig vekt på. Då var pris avgjerande. Per Arne Villadsen Administrerande direktør i Berg-Hansen
Egencia held dermed fram som eitt av statens reisebyrå, med G Travel tapte i denne runden mot Berg-Hansen. Berg-Hansen vil ifølgje Digitaliseringsdirektoratet kunne få opp mot 70 prosent av oppdra