Foto: Ola Sæther
Det var i ein debatt i Litteraturhuset med andre valekspertar frå Universitetet i Oslo, professor i statsvitskap, Bernt Aardal kom med sin harde dom over meiningsmålarane og media.
- Det hjelper ikkje at det er tal. Eg trur ikkje på tal. Meiningsmålarar veit ikkje kva metode som treffer best. Under Brexit i Storbritannia mista mange tilliten til meiningsmålingane. Derfor sette dei britiske styresmaktene i gang ei undersøking. Konklusjonen var at utvalet er problemet. Dei du ikkje får svar frå, kan vera folk som ikkje er interesserte i politikk, men stemmer likevel, sa han.
- Derfor blir det alltid eit stort nyhende dersom nokon har registrert noko som ingen har registrert før. Om meiningsmålingane viser noko som er i samsvar med det andre har funne, vil det vera meir truverdig og kanskje visa ein tendens. Om det ikkje er det, må media vera meir edruelege med kva dei formidlar, meinte Bernt Aardal.
I panelet i Litteraturhuset hadde han selskap av professor i


































































































